Mytar om Sør-Afrika for fall

Bokmelding – tidlegare publisert i Dagsavisen 24. juni 2016
Tore Linné Eriksen:
Sør-Afrikas historie.
Førkoloniale samfunn, apartheid og frigjøring, Portal Forlag

2175C853-7104-4FB3-ACD5-999AD88678CB.pngVar det britisk kolonialisme, heller enn boar-ideologien, som var grunnlaget for apartheid? Var ikkje Zulukongen Shaka den innovative hærføraren vi er blitt fortalt om?

Sør-Afrika har ein spesiell plass i norsk politisk engasjement. Det skuldast apartheid og kampen mot det kvite mindretalsstyret. Men Sør-Afrika er meir, og forfattarar som André Brink og artistar som Miriam Makeba er nærmast allemannseige i Norge. I dag valfartar nordmenn til det turistvennlege landet, som ennå er fritt for terroristspøkelset som skaper frykt lenger nord på det afrikanske kontinentet.

Ei ny norsk bok om Sør-Afrikas historie er noko ikkje berre historiestudentar og tidlegare anti-apartheidaktivistar vil ha glede av, men også dei mange som besøkjer dette mangfaldige landet. Visst har Sør-Afrika ein av dei vakraste byane i verda, Cape Town, pittoreske vingardar i Franschhoek og frodig dyreliv i Krügerparken. Men landets historie er – i all si gru – like fascinerande som turistattraksjonane. Slik gir denne boka eit høve til å forstå noko av dei motsetningsfylte inntrykka ein får ved å besøkje Sør-Afrika.

Nye perspektiv

Forfattaren av boka, Tore Linné Eriksen, er professor em i utviklingsstudiar og truleg den nordmannen som kjenner det sørlege Afrika best. Han har halde god orden på det han sjølv kallar dei mange skiftande, mangfaldige og motstridande perspektiva i den dagleg veksande litteraturen om Sør-Afrika. Eriksen brukar den seinaste forskinga på emnet til å bringe inn perspektiv som i alle fall for meg er nye.

Ifølgje ny språkforsking skal jegerar og sankarar ha begynt å utvandra frå det austlege og sentrale Afrika sørover mot dagens Sør-Afrika for så lenge som 45 000 år sidan. Det var etterkommarane deira som nederlendarane først støytte på då dei slo seg ned i Kappstaden midt på 1600-talet, og som dei gjorde sitt beste for å utrydde. I hundreåra før og etter vår tidsrekning kom dei første husdyrfolka til området, og i mellomalderen bygde dei små bystatar med utstrakt handel. Steinbyen Great Zimbabwe i seinmellomalderen er vél kjend, men alt på 700-talet var Phalaborwa i det austlege Transvaal eit teknologisk sentrum, bygd på utvinning av mineralar. Heilt nord i Sør-Afrika har ein funne restane etter Mapungubwe, som i vår vikingtid og framover utvikla seg til ein bystat med kanskje 5 000 menneske innafor murane.

Myteskapar

Den legendariske Zulukongen Shaka skapte mytar langt oppover Europa. Zulustatens militære framvekst og styrke førte til ei dramatisk folkevandring med følgjer for store delar av det sørlege Afrika, så langt nord som i Tanzania. Men Eriksen viser at Zulu-staten ikkje var så sterk og Shaka ikkje så nyvinnande som ein har trudd. Bruken av årsklasseregiment og korte dolkar var ingenting nytt. Hæren hans kan ikkje ha vore større enn 10-15 000 mann. Dei store omveltingane i første halvdel av 1800-talet har såleis ein breiare bakgrunn enn merittane til Zulukongen Shaka.

Britane oppretta Natal-kolonien ut frå hamnebyen Durban i 1840-åra, og kom deretter stadig i konflikt med folkegruppene omkring. Eriksen meiner kolonistyret i Natal la mykje av grunnlaget for den apartheidstaten som vart innført hundre år seinare. Europearane som strøymde til Natal fekk store landområde, medan jorda til afrikanarane vart mindre og mindre. Byane Durban og Pietermaritzburg var sterkt rasedelte. Innslaget av liberalisme hos britane i Kapp-provinsen fanst ikkje her, og det britiske overherredømmet var sterkt både kulturelt og biologisk. Slik sett var apartheid like mykje grunnlagt på britiske tradisjonar som på boarane sin ideologi.

Motstandskampen

Eriksen gir ei god og balansert framstilling av motstandskampen i 1970- og 1980-åra, av apartheids aukande krise fram mot 1990, og av overgangen i tiåret etter. Han får godt fram paradokset at ein situasjon som moralsk måtte stå fram i svart-kvitt, var uvanleg politisk og økonomisk kompleks. Eit par spørsmål har eg likevel: Kva langsiktige konsekvensar fekk det for det frie Sør-Afrika at ANC frå 1985 sende ut parolen om å gjere landet umuleg å styre, og at ungdommen boikotta skulen under slagord om frigjering først, utdanning etterpå? Kvifor løyste den sterke innanlandske motstandsrørsla United Democratic Front seg så fort opp, og lét ANC-ledarane frå eksil så sterkt få dominere styret i det nye Sør-Afrika?

Kapitlet som dekker tida etter 2000, skrive saman med forskaren Marianne Millstein, kan naturleg nok ikkje konkludere på alt. Eg saknar ei vurdering av korleis kultur, tradisjonar og tru har verka inn på og blitt brukt i det politiske spelet dei siste par tiåra. Kanskje symboliserte overgangen frå Thabo Mbeki til Jacob Zuma noko meir enn populisme og misnøye med økonomisk politikk. Medan Mbeki sterkt mislikte tanken om ledaren som tradisjonell farsfigur, minner Zuma i styringa av ANC meir om den tradisjonelle afrikanske høvdingen i ny og pervertert utgåve. Han brukar makt og rikdom til å favorisere venner, familie og klan, og prøver å styrkje stillinga si på den måten. I eit avsnitt om Sør-Afrikas sterke regionale engasjement blir det i boka tala om «sør-afrikanisering» av Afrika. Eg vil spørje om ein ikkje også ser ei «afrikanisering» av Sør-Afrika i den måten politikken nå utfaldar seg på i landet. Men på 170 sider kan ein ikkje få svar på alt heller.

«Sør-Afrikas historie» er rikt illustrert. Språket er eksemplarisk, faglege spørsmål er framstilte så klart at det er ei glede å lese. Denne historieboka er både fagleg sterkt forankra og tilgjengeleg for dei fleste av oss.

 

Leave a comment