Tre forslag for Afrika

For framtidig utviklingspolitikk er det Afrika som er utfordringa, for ikkje å seie problemet. Befolkningsprognosar, fattigdomsprognosar og matvaresituasjon gir ikkje rom for tvil om det. Utviklinga i Afrika vil påverke global tryggingspolitikk, migrasjonspolitikk og klimapolitikk, og kontinentet vil bli gjenstand for rivalisering i politikk og handel mellom Vesten og Asia.

Behov for vekst

Afrika treng inkluderande økonomisk vekst. Dei landa som nå veks fort, treng først og fremst å inkludere fleirtalet av befolkninga i veksten. Låginntektlanda treng både vekst og inkludering. Det vil krevje investeringar i infrastruktur og produksjon. Det ville hjelpe mykje for mange afrikanske land om dei fekk ha ein del av dei milliardane som årleg forsvinn ulovleg ut av landa, men det er eit langsiktig prosjekt å få til. Skal afrikanske land kunne nå berekraftsmåla, treng dei bistand over dei neste tiåra. Det er ikkje vanskeleg å rekne seg til at private investeringar og offentleg-private partnarskap langt frå vil vere nok.

Knapt noko land har gått frå å vere låginntekts- til høginntektsland utan industrialisering. Ein økonomisk analyse vil fort vise at Afrika i lang tid vil ha problem med å konkurrere på verdsmarknaden med anna enn eksport av råvarer. Kostnadsnivået på kontinentet (transport, digitale tenester, og til og med arbeidskraft, samanlikna med visse asiatiske land) er for høgt. Difor må Afrika satse på Afrika, byggje ut kommunikasjon, inkludert elektroniske tenester, og byggje ned grenser og handelshindringar. Det er i ferd med å skje, for eksempel med forenkling eller bortfall av visumkrav og liberalisering av flytrafikken mellom afrikanske land.

Ideelt sett bør Afrika som kontinent innføre vernetoll mot import av dei billigaste daglegvarene som i dag fløymer over kontinentet frå Kina og andre asiatiske land. Vernetoll er det alle land har brukt før for å få til industrivekst. Men slikt tollvern er det muleg Trump kan få til for USA. Afrika vil vere for svakt, og mottrekka vil vere for sterke, til at det er realistisk politikk. Afrika må satse på nærleik og små transportkostnader.

Å finne enkle svar på komplekse situasjonar

Som Terje Vigtel seier i sin invitasjon til å komme med innspel til den nye utviklingsministeren, er utviklingssamarbeid ofte komplisert. Men i utgangspunktet er det situasjonen i samarbeidslanda som er kompleks. Ein kompleks situasjon må ikkje nødvendigvis møtast med komplisert bistand, då kokar ofte mykje bort i kålen. Utfordringa er difor å finne fram til relativt enkle tiltak som kan bidra til fordeling, vekst og betre tenester. Då må vi sjå på kva erfaringar vi har. Dei beste resultata i bistanden finn vi innanfor helsesektoren. Globale innsatsar mot hiv og aids, barnedød og mødredød må karakteriserast som det mest effektive som er gjort globalt innan internasjonalt utviklingssamarbeid. Eg seier ikkje det var enkelt å få desse programma på plass, men tilnærminga i seg sjølv er mindre komplisert enn i mange andre program.

Norge har mykje å tilby når det gjeld verdiar og politikk, men med nokre få unntak mindre når det gjeld fag og teknikk. Dei fleste norsk-støtta utviklingsprogram som har mislykkast har ikkje gjort det fordi dei norske som medverka har hatt for lite fagleg kunnskap, men fordi dei ikkje forstod den økonomiske, sosiale og kulturelle situasjonen tiltaka fungerte i. Rett nok har Norge bygd opp sterk utviklingskompetanse på helsesektoren, men den har vore knytt til eit langvarig engasjement med bruk av bistandsmidlar, frå dei mange legane og farmasøytane i Botswana på 1970-talet til vår leiande rolle i det globale vaksineinitiativet GAVI. Den store norske satsinga på utdanning har på si side sitt utgangspunkt i eit forsømt behov i utviklingslanda, ikkje at Norge har spesielle komparative fordelar for utviklingsland på området. Men våre verdiar og prinsipp for politikkutvikling – i pakt med internasjonale konvensjonar – er viktige, slik som til dømes når det gjeld politikk for å inkludere personar med funksjonshemming.

Berekraftsmåla

Skal Norge gjere ein forskjell for å nå berekraftsmåla, må tiltaka vere omfattande, og vi må bidra til å finne dei enkle og effektive løysingane. Vi må også ta på alvor den risikoviljen som blir erklært i strategiar og retningslinjer frå Utanriksdepartementet, men som ingen torer å setje ut i livet. Den drakoniske måten nulltoleransen mot korrupsjon blir praktisert på må bort. Det kan vi gjere sjølv om vi skal halde på nulltoleransen.

Ta undervisning som eksempel. Det trengst ingen magi for å betre kvaliteten på grunnskoleutdanninga i fattige land. Den blir hindra av låge lærarlønningar, klassar med 80 elevar og oppover, mangel på lærebøker, utstyr og klasserom. Det er ikkje veldig vanskeleg å gjere noko med dette, om ein kjenner konteksten. Men ikkje viss ein må setje inn omfattande planleggings- og kontrollsystem for å sikre at alt skjer hundre prosent rettferdig og ikkje noko av pengane blir misbrukte. Skal ein sikre seg heilt, vil administrasjon og kontrollsystem fort ta langt meir av midlane enn korrupsjon lokalt nokon gong vil gjere. Det finst også måtar å kontrollere pengebruk og resultat på som er relativt enkle og billige, dersom ein ikkje må forsikre seg om at ingenting gale skjer.

Tre forslag

Ut frå analysen ovanfor, som rett nok er kortfatta og forenkla, har eg har tre forslag:

1. Strø ut tilskott til ungdommen til å starte eller utvikle eigne bedrifter

Det skjer noko blant dyktig ungdom i afrikanske land. Mange brukar den digitale revolusjonen til å setje i gong ulike slags bedrifter, opplæringsprogram og andre prosjekt. Ungdommen vil heller vere cheetah enn hippo, for å bruke terminologien til den ghanesiske professoren George Ayittey. I motsetning til foreldregenerasjonen vil dei heller bruke pengar dei får tilgang til til å investere i økonomiske verksemder enn i sosiale relasjonar.

2. Gå inn for barnetrygd til alle

Vi må gjere noko for utjamning, og det må vere noko som er enkelt og fungerer. Ei universell barnetrygd vil vere treffsikker og skape pengesirkulasjon og kjøpekraft hos nye grupper. Ein vil kunne distribuere trygda elektronisk, noko som vil redusere byråkratiet enormt, og det vil ikkje vere behov for noko omfattande kontrollsystem. Ikkje treng det koste all verda heller. ILO har rekna på dette. Norge bør gå i samarbeid med partnarland for å gjennomføre dette. Vi bør også argumentere for slike ordningar i internasjonale organ. Eg tenkjer meg ikkje eit globalt trygdevesen, men ei ramme og ein struktur mange kan bidra inn i, gjerne på forskjellige måtar. Erfaringane frå Mongolia og Sør-Afrika viser at slik barnetrygd har god positiv verknad både når det å redusere fattigdommen og få fleire barn i skolen.

3. Gi politisk og fagleg støtte til å skalere opp klimasmart landbruk

Produktiviteten i matproduksjonen må opp. På Norads konferanse før jul understreka Homi Kharas frå Brookings-instituttet i Washington behovet for endring i utviklingslanda. Men han bad også oss givarar om å slutte å snakke om å vere katalytiske; nå må vi scale up, oppskalere, Norske, internasjonale og nasjonale organisasjonar har etter kvart fått god erfaring i konserveringslandbruk eller klimasmart landbruk. Men i dei fleste land skjer denne dyrkingsmåten berre i lokale, spreidde prosjekt som aukar levestandarden til dei som er med, men får liten nasjonal betydning. Dersom desse prosjekta kunne knytast til ei nasjonal satsing og nasjonal matvarepolitikk, i samarbeid med landbruksmyndighetene, vil ein kunne ta lange steg mot å sørgje for mat nok i land som nå i stadig større grad blir utsette for både tørke og flaum som følgje av klimaendringane.

Leave a comment