Bistand, utvikling og utveksling from mot 2030

Foredrag for tilsette i Fredskorpset 13. juni 2018

 

Mitt utgangspunkt er Afrika. Eg vil snakke litt om kva som skal til for å nå berekraftsmåla, utviklingstrekk i Afrika fram mot 2030 og lenger, bistand, stat og kapasitetsbygging i låginntektsland, næringslivets rolle i bistand og utvikling, og så til slutt Fredskorpset rolle og muligheter, med vekt på næringsliv og arbeidsplassar. Alt sett frå min ståstad.

Berekraftsmåla 2030

Å oppnå berekraftsmåla krev eit enormt krafttak, både frå utviklingslanda sjølve og frå dei rike landa. Eit overslag går ut på at det vil krevje 500 USD per person i låginntektslanda berre å nå måla på sosiale sektorar (helse, utdanning, vatn, sanitær og ernæring). I dag blir det brukt 222 dollar per person i året på desse føremåla i desse landa.

Sagt på ein annan måte: Å møte det store gapet i låginnteksland er rekna til å koste 152 milliardar dollar i året. Til samanlikning er bistanden til Afrika frå OECD-land i sstorleiksorden 40 milliardar dollar i året.

Veksten i Afrika var i tiåret fram til 2015 på om lag fem prosent i året. Held denne veksten fram, vil det seie ei dobling av BNP per innbyggjar (i kjøpekraft) innan 2030. Men sjølv med ein slik vekst vil afrikanske land langt frå kunne finansiere 2030-måla åleine. Økonomar har rekna ut at til og med land som Ghana og Senegal måtte ha ein skatteprosent på over 100 for å finansiere SDGs med eigne offentlege midlar med fem prosents vekst.

I 2016 var veksten i Afrika lågare enn på 20 år, med negativ per capitavekst. I 2017 er veksten anslått til 2,7 prosent, så vidt nok til å hindre nedgang per innbyggjar. Prognosane for dei neste åra er litt betre, men kjem ikkje opp i fem prosent.

Desse gjennomsnitta representerer veldig store variasjonar, og det er særleg Nigeria, Sør-Afrika og Angola, dei tre største økonomiane i Afrika sør for Sahara, som har stagnert. Andre viktige land, som Senegal, Kenya og Elfenbeinkysten, har hatt god vekst.

Det var i 2015 stort håp om at den private sektoren ville skaffe mykje av dei investeringane som er nødvendig. Men ‘from billions to trillions’ som det blei snakka om, ser ikkje ut til å skje. Kapitalinvesteringar utafrå i Afrika gjekk faktisk ned det siste året, og medverknaden frå privat sektor i public-private partnerskap vart også redusert.

Nokre trekk ved eit realistisk scenario for 2030

• I 2015 utgjorde ungdom i Afrika mellom 15 og 24 år i alt 226 mill, 19 prosent av ungdommen i verda. I 2030 vil talet ha vakse til 320 millionar, og i 2055 vil det vere meir enn fordobla. I 2050 vil 40 prosent av verdas barn bu i Afrika, mot 25 prosent av befolkninga totalt. I dag om lag 15 prosent).

• Samtidig vil Afrika gjennomgå ei kraftig urbanisering. Ennå bur afrikanarar flest på landsbygda, men det vil ikkje vare lenge nå.

• Langt fleire av den utdanna eliten i afrikanske land vil ha emigrert til USA, Europa og i aukande grad Kina og andre land i Aust-Asia. Dei industrialiserte landa treng kvalifisert og høgt utdanna arbeidskraft, og vil sørgje for immigrasjon av dei om har kompetanse (Canada)

• Klimaendringarne vil (WB paper) ha significant innverknad på talet på fattige i Afrika og Sør-Asia. Om den framtidige utviklinga ikkje er inkluderande, vil det i 2030 vere mellom 35 og 122 mill fleire fattige i verda på grunn av klimaendringane. Men det er muleg å bringe dette talet ned til mellom 3 og 16 mill. med ein god politikk.

• Tidsskriftet The Economist seier at Afrika sør for Sahara blir den nye ‘frontier’ innan informasjonteknologi, og snakkar ein ‘technological whirlwind’. Men hittil er det mest velståande og middelinntektsland som har nytt godt av IKT-revolusjonen. IKT har faktisk opna opp eit nytt – og aukande – gap mellom rike og fattige land. Dei høge kostnadene er eit særleg stort problem.

• Forskjellane aukar i det fleste landa. Tendens til at det utviklar seg enklaver er ei velståande bur.

• Den globale politiske og økonomiske situasjonen vil truleg vere sterkt endra. Kina og andre delar av Asia blir stadig viktigare, og kan overta hegemoniet som USA og Europa har hatt.

• Men det gir også stadig mindre meining å dele verda inn i industriland og utviklingsland. Låginntektsland har i dag svært lite til felles med dei framveksande økonomiane, også når det gjeld interesser. (slik inndeling gir rare utslag på statistikk)

Men også:

• Det har vore ei kraftig demokratisk utvikling i Afrika dei siste 25-30 åra. Denne utviklinga blir nå sterkt utfordra av eit generelt meir negativt bilde. Vestens argument står ikkje like sterkt.

• I Afrika er infrastruktur ein nøkkel til utvikling. Tre ting må skje: Det skjer til dels ei kraftig utbygging av infrastruktur, ikkje minst finansiert gjennom lån frå Kina (jernbanar Kenya-Uganda, frå Lagos? til Dakar.) Kraftutbygging er absolutt nødvendig. To tredelar av befolkninga i Afrika er utan elektrisk kraft. Og for det tredje må digitaliseringa byggjast ut og bli billigare.

• Det er eit gryande næringsliv nedafrå, særleg i land som Kenya, Ghana, Senegal. Rwanda og Etiopia. Men også i land som strevar med å følgje med (som Malawi) er unge menneske begynt å bli entreprenørar, ofte mot alle odds.

• Knapt noko land har gått frå å vere låginntekts- til høginntektsland utan industrialisering. Ein økonomisk analyse vil fort vise at Afrika i lang tid vil ha problem med å konkurrere på verdsmarknaden med anna enn eksport av råvarer. Kostnadsnivået på kontinentet (transport, digitale tenester, og til og med arbeidskraft, samanlikna med visse asiatiske land) er for høgt. Afrikanske varer kan ikkje konkurrere med billig import særleg frå Kina, og den store marknaden av bruktklær frå Vesten.

• Afrikanske land bør difor satse meir på Afrika, byggje ut kommunikasjon, inkludert elektroniske tenester, og byggje ned grenser og handelshindringar. Det er i ferd med å skje, for eksempel med forenkling eller bortfall av visumkrav og liberalisering av flytrafikken mellom afrikanske land.

Bistand og stat

Vi har eit stort problem i bistanden. Vi har i alle år bygd på førestillinga om nasjonalstaten som ein føresetnad for utvikling. Men vi må vere klare over at afrikanske land som regel – med nokre unntak – har ein svak stat i betydninga evne til å skape tryggleik og velferd for innbyggjarane. Den afrikanske staten er samtidig både røvarstat og velferdsstat, ei kjelde til rikdom for dei som sit med makta og tilhengjarane deira på den eine sida, og ein stat som tilbyr borgarane offentlege tenester som helse, utdanning og vassforsyning på den andre. Medan det svake statsapparatet gjer det lettare for dei som styrer å misbruke den tilliten dei får, betyr også denne svakheten at dei offentlege tenestene til borgarane blir jamt over dårlege, ofte byråkratiske og utsette for korrupsjon.

Det er ikkje berre i Afrika ein finn slike motsetningar, men situasjonen for nasjonen og måten politikk fungerer på har klare afrikanske trekk. Wangari Maathai frå Kenya, miljøaktivist og fredsprisvinnar, sa at den moderne nasjonen i Afrika er ei overflatisk skapning. Etter at landa vart uavhengige hadde ikkje afrikanarar flest noko forhold til nasjonalstaten og blei verande knytte til dei fysiske og mentale grensene som det etniske samfunnet tilsa. Maathai sa at dette forholdet resulterte i ein slags politisk schizofreni. Dei politiske ledarane etter uavhengigheten har på den eine sida prøvd å tone ned den tradisjonelle kulturen i dei etniske gruppene, samtidig som dei har brukt etnisitet for å halde på makta si.

Det er mitt syn at kultur og tradisjonar også verkar sterkt inn på økonomisk atferd og økonomisk utvikling. Folk som kjem til pengar investerer heller i mellom-menneskelege relasjonar enn i økonomisk verksemd.

Forskarar og praktikarar har lenge peika på at afrikanske land oftast ikkje er som dei ser ut, og at ein lineær tankegang, basert på vestleg politisk og økonomisk tenking, oftast fører gale av stad i utviklingssamarbeidet. Ikkje minst gjeld det mål-middeltenkinga, der ein set opp ideelle mål for kva ein skal oppnå, og så utformar ein eit tilsynelatande logisk program for korleis ein skal komme dit. Det går ikkje alltid bra, og verst synest resultata å vere når det gjeld å bidra til å utvikle statleg kapasitet.

I ei ny bok, Building State Capability, tar tre tidlegare medarbeidarar i Verdsbanken, knytte til Harvard Kennedy School (Matt Andrews, Lant Prittchett og Michael Woolcock), konsekvensen av at vi i utviklingsamarbeidet i stor grad har mislykkast i å byggje kapasitet i fattige land. Skular blir bygde, men elevane lærer lite. IT-system blir innførte, men ikkje brukte.

Det er ikkje noko lysteleg bilde den omfattande statistikken i boka gir. Verdsbanken kunne i 1996 slå fast at nesten alle afrikanske land hadde opplevd ein systematisk nedgang i kapasitet sidan landa vart uavhengige. Etter det, mellom 1996 og 2012, opplevde 26 av 32 land med svakast kapasitet i verda at den offentlege kapasiteten vart redusert. Sjølv for eit land som Zambia, som var blant dei som hadde raskast kapasitetsstyrking, vil det ta hundre år før ein kjem på det nivået der ein finn tidlegare utviklingsland som nå skårar høgt, som Chile og Sør-Korea.

Kva er feil? Tidlegare trudde vi at modernisering på ein naturleg måte ville føre til styrkt kapasitet. Demokrati ville føre til ein styrkt stat. Utdanning ville føre til auka kapasitet, og det ville også den teknologiske utviklinga gjere. Men det stemmer ikkje. Feilen har vore at ein trudde ein kunne overføre formene og strukturane frå dei vellykka institusjonane (stort sett i Vesten) til utviklingsland. Vi trudde vi kunne kopiere ‘best practices’ frå somme land til andre, slik at dei framsto som kapable, men var det ikkje.

Forfattarane vil ha ei meir pragmatisk tilnærming, og argumenterer mot fleire misoppfatningar som ofte ligg til grunn for givarstøtta program. Dei argumenterer for å konsentrere seg om problema heller enn å importere løysingar. Prøv først å finne ut kva problemet er, og utform tilnærming og program gjennom ein gjentakande prosess med prøving og feiling. Det dei skisserer er ein deltakande prosess, der deltakarane på kvar fase i prosessen set seg ned og summerer opp erfaringane og stakar ut det dei kjem fram til er den beste vegen framover.

Korleis vil så denne tenkjemåten samsvare med tilnærminga som Norge og andre givarland- og organisasjonar brukar? Det er frontkollisjon, og det blir verre. Det aukande kravet til detaljplanlegging og omstendelege resultatrammeverk i Norader å gå den motsette vegen. Eg er blitt veldig kritisk til den omfattande detaljplanlegginga og resultatrammeverka som nå blir kravd.

Norsk bistand og næringsliv

Det er ingen tvil om at det er privat sektor som i stor grad må skaffe jobbane til den veksande ungdomsgenerasjonen, og sørgje for den økonomiske veksten. Men investeringane i Afrika gjekk altså ned det siste året, og det gjorde også ‘private-public partnership’-investeringane. Dei seinare åra har privat sektor berre skaffa 15-20 prosent av investeringane i infrastruktur i utviklingsland. Og dette er i all hovudsak i mellominntektsland.

Eg er tilhengjar av å engasjere norsk næringsliv i utviklingssamarbeidet. Men dette er ikkje lett. Då Sør-Afrika, som på den tida var Afrikas største økonomi, blei demokratisk i 1994, var det mange som tenkte at her låg det store muligheter for norske bedrifter å engasjere seg. Men etter nokre år var resultatet skuffande. Det er heller ikkje enkelt å lage norske støtteordningar som deler risikoen ved investeringar utan at det vrir på konkurransereglane. Resultat så langt av norsk bistand på området har heller ikkje vore overvettes positive.

I stortingsmelding 35 (2014-2015) Sammen om jobben oppsummerte regjeringa dei tidlegare ordningane for bedriftsstøtte ved å seie at dei hadde lykkast i å engasjere norsk næringsliv, men i mindre grad klart å stimulere til næringsutvikling og økonomisk vekst i mottakarlanda. Dette byggjer mellom anna på funn i ei tidlegare evaluering som viste at erfaringane med støtte til norske bedrifter var svært blanda. Som eksempel vart det vist til det såkalla matchmaking-programmet, som skulle knyte saman bedrifter i Norge og samarbeidsland. I Sør-Afrika og på Sri Lanka var det berre om lag kvart tiande prosjekt som hadde ført til levedyktig forretningsverksemd. Det vart og sagt at med få unntak kunne ein ikkje sjå nokon særleg kunnskapsoverføring gjennom ordninga.

Nye ordningar vart annonsert i stortingsmeldinga. I 2016 vart eit nytt program for å styrke yrkesutdanning i utviklingsland lansert etter medverknad frå NHO. Norske bedrifter og organisasjonar skulle gå saman med partnarar i norske samarbeidsland om opplæringsprogram som skulle tilpassast behovet for yrkesfagleg kunnskap i næringslivet. Det vil vere å overdrive å seie at engasjementet frå norsk næringsliv var overveldande. Fire prosjekt vart godkjende i 2017, tre av dei inkluderte norske bedrifter som juniorpartnarar. Då verka det faktisk som om norske organisasjonar var meir engasjerte enn næringslivet. Det er sett av ein halv milliard kroner over fem år til dette føremålet.

Då var det større interesse for den nye støtteordninga for bedrifter som vil investere i utviklingsland på utvalde sektorar i norsk bistand. Det er då også eit generøst tilbod bedriftene får. Støttebeløpet skal vere på minst 500 000 kroner, og bedriftene kan få dekka inntil 50 prosent av sine budsjett. 35 prosjekt vart godkjende under ordninga i 2017. I statsbudsjettet for 2018 er budsjettposten som desse midlane er tekne frå nesten fordobla frå året før. Utviklingsministeren og NHO er veldig optimistiske. Så får vi sjå om nokre år.

Det er mi grunnleggjande tru at alle gode norske krefter bør med for å bidra til utvikling og til å nå berekraftsmåla for 2030. Det gjeld også næringslivet. Eg er for eksempel imponert over det innsatsen som blir gjort av NABA (Norwegian-African Business Association). Dei gjer eit langsiktig systematisk arbeid, det er det som gir resultat. Og det er bra dersom norske bedrifter nå engasjerer seg meir med nye ordningar. Så må bistanden gjennom bedriftene følgjast opp og evaluerast på resultata, på same måten som all annan bistand blir det.

Men sjølv trur eg investeringar verkar best når det er eigne pengar som står på spel, eller når det det ikkje berre blir investert pengar, men også idealisme – kall det gjerne godhet – slik vi ser det hos finansmannen Christian Thommesen
Kva krav ein bør stille til næringslivet? Her har det særleg vore ein debatt mellom Norfund og delar av næringslivet på den eine sida og ideelle organisasjonar på den andre. Det handlar om allment avtalte rettigheter og hensyn (arbeidstakars rettar, inkludering av funksjonshemma, tiltak mot negativ påverknad på miljø og lokalbefolkningen levekår etc.). Organisasjonane meiner det er sjølvsagt at NORFUND i sine investeringar og norske bedrifter i sitt samarbeid må fullt ut følgje retningslinjer og politikk. For investorane blir det lett oppfatta som ein ekstra byråkratisk byrde som gjer det mykje vanskelegare å investere.

Fredskorpset

Det bildet eg her har teikna, bør det liggje store muligheter for Fredskorpset. Den store diasporaen i vestlege land, den nye unge generasjonen av entreprenørar, behovet for å satse på energi og IKT. Nettopp dette med utveksling mellom menneske i partnarskap burde svare perfekt på dei utfordringane fattige land har, sjølv om det vil vere beskjedent i omfang i forhold til behovet.

Eg har stor tru på å kanalisere pengar ut til dei folka som vil og kan bruke dei. I ein avisdebatt med NHO om næringsliv og bistand seier eg at det beste Astrup truleg kan gjere for å skape inntekt og arbeid i Afrika, er å sjå til den ungdomsgenerasjonen av gründerar og småentreprenørar som ein nå finn overalt på kontinentet. Dei kan verkeleg trengje ei handsrekning. Eg seier – litt flåsete kanskje – at ei ‘teppebombing’ av denne ungdomsgruppa med ganske små summar garantert vil føre til mange mislykka tiltak og pengar som blir brukte på annan måte enn det dei er meinte for. Men sjansane for at meir enn ti prosent vil gi ny inntekt og nye arbeidsplassar er relativt stor. Kan Fredskorpset kople seg opp med denne nye generasjonen trur eg mykje godt kan komme ut av det.

Kan FK knytte seg opp til immigrantmiljøa, den såkalla diasporaen? Her ser eg også Fredskorpset som ein unik mulighet. Utveksling mellom menneske i nord og sør er hovudoppgåva. Verda blir mindre, å reise er muleg for mange fleire, og stadig større grupper av meir eller mindre kvalifiserte menneske reiser frå fattige land til industriland. Det vi vil sjå er at stadig fleire av desse vil engasjere seg i sine heimland. I dag sender dei pengar tilbake. Men eg vil også tru at det ligg til rette for meir enn det. Det bør liggje store muligheter her i investeringar, akademiske utveksling, samarbeid mellom bedrifter og institusjonar i nord og sør.

Fredskorpset er også, håpar eg, mindre bunden av detaljplanlegging og resultatrammeverk. Det gir i så fall ein mulighet til å jobbe annleis. Vurdere forholda dit ein drar, kartleggje problem, prøve seg fram når det gjeld løysingar. For meg er energiprosjektet i Nkhotkhota i Malawi eit fantastisk eksempel på korleis ein kan gå fram. Det har tatt tid sidan Flora vidaregåande skule starta sitt engasjement, men tid er eit nøkkelord i utviklinga av Afrika. Men i dag har altså 1500 familiar fått elektrisk straum og bedrifta har 15 tilsette.

Andre program i Malawi der FK har utgjort viktige komponentar er innanfor helsesektoren. Dette er utruleg effektive tiltak, utan store administrative kostnader. Trur denne typen samarbeid vil skåre særleg høgt både på kostnadseffektivitet og resultat.
De har sikkert diskutert fram og tilbake om korleis FK-mekanismen best kan utnyttast med utgangspunkt i Førde, og eg har sikkert ingenting nytt å komme med. Mange organisasjonar de samarbeider med ligg i Oslo. Men dei mest vellykka prosjekta eg såg i Malawi hadde altså utgangspunkt i Florø, Bergen, Tromsø og Oslo. Den viktigaste utfordringa bli kanskje å oppretthalde og utvikle eit godt fagleg miljø. Det krev nok ein del invitasjonar og reising, og eg vil tilrå å setje av romslege budsjett til å halde kontakt med faglege miljø, invitere forelesarar og gi medarbeidarane muligheter til å delta på workshops etc. Mykje, utruleg mykje, foregår jo i dag også på nettet. Eg vil tru at det likevel krev ei viss organisering på arbeidsplassen, dvs. at ein følgjer med på kva som blir tilbydd og set av tid til å delta.

Til slutt spørsmålet om behov for å framheva eigne resultat. Eg meiner det alltid vil vere viktig å vise resultata av det som blir gjort. Det må også Fredskorpset gjere. Det eg kritiserer i det norske resultatarbeidet nå er dei detaljerte resultatrammeverka der det meste skal planleggjast på førehand. Det verkar destruktivt på kreativitet og nytenking, og gjer innsatsen meir byråkratisk og tungvindt. Ein bør heller oppsøkje dei gode resultata, men også alltid framstille dei samen med problematisering av det som blir gjort, vise til gode og mindre gode erfaringar. For all del ikkje presentere solskinnshistoriar utan å setje dei inn i samanhengen, og understreke kva slag felles innsats som ligg til grunn.

 

Leave a comment