Asbjørn Eidhammer
Halle Jørn Hanssen, tidlegare NRK-korrespondent, informasjonssjef i Norad og generalsekretær i Norsk Folkehjelp, skreiv i fjor ein kronikk i Dagsavisen der han slo fast at venstresida har meldt seg av i bistands- og utviklingspolitikken. Eg meiner at han langt på veg har rett. Folk på venstresida deltar i utviklingspolitikk og bistand, men på det politiske planet har verken SV eller Arbeiderpartiet vore særleg aktive dei siste åra. Kristeleg Folkeparti var med og sette dagsorden med si alternative utviklingsmelding i 2016, og med ein eigen aktiv statsråd for utvikling markerte også Høgre seg i fjor. På Stortinget var det tidlegare alltid representantar til venstre som engasjerte seg sterkt i utvikling og bistand, frå Liv Aasen til Marit Nybakk i AP og frå Finn Gustavsen til Heikki Holmås i SV. Nå har det vore ganske stille. Noko positivt skjer likevel. Blant andre har tenketanken Agenda sett utviklingspolitikk på sin dagsorden[1], og i SV vart det gjort eit utgreiingsarbeid om utviklingspolitikk før stortingsvalet i 2017.
Det er behov for ny debatt om venstresidas utviklingspolitikk. Som historisk bakgrunn har eg utarbeidd denne historiske skissa. Notatet er i hovudsak bygd på andrehands kjelder fram til tidleg på 2000-talet, medan eg har brukt stortingsdokument og andre skriftlege rapportar og notat for den siste perioden. Det er den ikkje-dogmatiske venstresidas politikk eg har vurdert. Det vil seie at eg definerer ut NKP i ein tidleg periode og AKP(m-l) og RV frå 1970-åra og fram mot 2000.
Oppstarten
Norsk utviklingshjelp begynte i 1950-åra i svært liten skala. Venstresida i norsk politikk var spesielt engasjert frå starten. Då den norske bistanden til India starta opp i 1952, spela det vi nå kallar den geopolitiske situasjonen inn. Den kalde krigen var på sitt mest intense, og frå Vestens side var det viktig å balansere den militære oppbygginga med økonomisk støtte til dei nye statane som vart uavhengige etter den andre verdskrigen. I Arbeidarpartiet vart også dette engasjementet ein kompensasjon for og alternativt område å engasjere seg på for venstresida i partiet etter at regjeringa hadde tatt Norge inn i NATO. Denne «arbeidsdelinga» var også noko som passa leiinga i AP godt, det var «nødvendig å gi folk noe positivt ved siden av de store forsvarsbevilgningene».[2] I Norsk utviklingshjelps historie, skrive av professor Jarle Simensen, blir Aake Anker-Ording i Arbeidarpartiet trekt fram som eit eksempel. Han vart i 1950-åra rekruttert frå sin jobb i LO til å arbeide gjennom ILO for jordreform blant indianarar på høgslettene i Bolivia.[3] I stortingsdebattane på den tida vart både det fredsskapande elementet ved bistand og humanitære argument brukte som grunngiving, ikkje minst frå folk på venstresida.
Då Norsk utviklingshjelp, forgjengaren til Norad, vart etablert i 1962, var ledaren for Sosialistisk Folkeparti, Finn Gustavsen, ei av eldsjelene. To andre som var med Gustavsen om eit forslag om å gi ein prosent av nasjonalproduktet i bistand var venstremannen Gunnar Garbo og høgrerepresentanten Ole Bergesen. Men det tverrpolitiske engasjementet strekte seg ikkje til korleis pengane skulle løyvast. Etter forslag frå Arbeidarpartiet og mot dei borgarlege partia sine stemmer vart det vedtatt å innføre ein særskatt på 0,25 prosent som skulle gå til utviklingshjelp, ein skatt som vara fram til 1975.[4]
Engasjementet frå venstresida kjem særleg godt fram i danninga av Fredskorpset, som sende ut si første gruppe til Uganda i desember 1963. Alle politiske parti med unntak av kommunistane slutta opp om ideen. Det nydanna Sosialistisk Folkeparti og bladet Orientering gav full støtte, ikkje minst til den pasifistiske tanken som låg bak. Gjennom alle stortingsdebattane målbar SF-representanten Finn Gustavsen pasifistiske idear og interesser, seier Simensen. Kommunistpartiet såg derimot på oppretting av Fredskorpset som å «delta i et pengekorstog for å redde kapitalismens vikende posisjoner».[5]
Radikaliseringa i 1970-åra.
Den radikale bølgja i 1970-åra førte til debatt om bistanden på den internasjonale venstresida, der framståande fagfolk og ideologar frå utviklingsland (Walter Rodney, Samir Amin, Franz Fanon m fl) peika på sosial omvelting som vegen ut av det uføret dei tidlegare koloniane var i som følgje av kolonialismen. Norsk venstreside knytte seg opp til mykje av desse tankane, til dømes Tore Linne Eriksens antologi Underutvikling i 1974. Men i motsetning til mange av dei internasjonale debattantane vart SV og andre delar av den ikkje-autoritære venstresida aldri motstandar av bistand. Det var tvert imot. Under stortingsdebatten om den epokegjerande stortingsmelding 29(1971-72), kritiserte SVs talsperson Arne Kielland meldinga for å framstå som ein liberal harmonimodell, og sa at Bangladesh trengte støtte og inspirasjon til ein sosial revolusjon som kunne hive det sitjande ledarskapet over bord og at dei fleste afrikanske land trengte sosialt opprør.[6] SV tok seinare til orde for å auke bistanden til 1,5 prosent av nasjonalproduktet. Simonsen seier at SV aldri tok inn over seg den tredje-verda-ideologien i den ny-marxistiske utforminga, og avviste aldri bistanden slik mange venstresosialistar i andre europeiske land gjorde.[7]
Radikaliseringa på 1970-talet og DNAs dårlege val i 1973 gav rom for venstresida i Arbeidarpartiet, som spela på lag med SV når det gjaldt utviklingspolitikken. Det bidrog ikkje berre til ein sterk auke av bistanden i 1970-åra (frå 263 mill. kroner i 1970 til 4 946 mill. i kroner i 1985, frå 0,33 til 1,00 prosent av BNP),[8] men avspegla seg også i valet av nye samarbeidsland. Fleire radikale statar, som Vietnam, Cuba, Angola og Mosambik, og seinare Nicaragua, kom til. Dette var land som knytte sterke band til Sovjetunionen og sto i opposisjon til USA. Høgre gjekk mot støtte til fleire av desse landa, eit brot med den konsensusen frå SV til Høgre som elles dominerte bistandspolitikken. Særleg var bistanden til Nicaragua vanskeleg å svelgje for Høgre.
Det andre var at det vart lagt større vekt på å byggje ut sosiale tenester. Omgrepet sosial rettferdig politikk vart sentralt, eit omgrep som var henta direkte frå språkbruken omkring velferdsstaten.[9] Vi ser altså korleis språkbruk og prioritering blir prega politisk av vår eigen nordiske modell. Denne vektlegginga hang saman med ei auka vekt på fordeling og likskap i norsk politikk.[10]
To andre spørsmål, som ikkje primært handla om bistand, var kanskje like mykje framme i venstresidas politikk som bistanden. Det eine var kampen mot kolonialismen og imperialismen, som vart driven fram av aktivistar. Heile venstresida deltok i motstanden mot USAs krig i Vietnam, og dei ulike partia gav også sterk støtte til frigjeringsrørsler i land som ennå ikkje hadde fått uavhengighet. Det var først og fremst dei portugisiske koloniane Guinea Bissau, Angola og Mosambik, fram til kolonistyret vart nedkjempa i 1974, Rhodesia, der det kvite mindretalet erklærte seg som uavhengig stat i opposisjon til Storbritannia og som blei fritt i 1980, Namibia, som Sør-Afrika gav fridom i 1989 etter at apartheid-hæren hadde lidd nederlag for kubanske troppar i Angola, og til sist Sør-Afrika, som heldt sine første demokratiske val i 1994. Frigjeringsrørslene i alle desse landa fekk støtte frå den norske staten over bistandsbudsjettet og frå norske organisasjonar. Solidaritetsarbeidet var også sterkt overfor Latin-Amerika, spesielt Chile og Nicaragua, og i aukande grad Palestina. Det norske solidaritetsarbeidet for dei fleste av desse landa og rørslene var i denne perioden splitta mellom ml-rørsla på den eine sida og resten av solidaritetsengasjerte på den andre.
Den andre saka var det meir diplomatiske arbeidet for ein ny økonomisk verdsordning, som venstresida i Arbeidarpartiet og SV engasjerte seg for saman med folk i Venstre og Kristeleg Folkeparti. Det sterkt urettferdige globale økonomiske systemet var bakgrunnen, og målet var å finne fram til ordningar for meir rettferdig handel og som skapte større inntekter for utviklingslanda. Det vart lagt ned både mykje forsking og mange møte og konferansar om dette temaet i FN-regi, utan at det lét etter seg særleg store resultat for utviklingslanda. Samtidig må ein understreke at det frå norsk side ikkje var tale om bidra til ei ny økonomisk ordning gjennom å ta bort tollen på varer frå utviklingsland som konkurrerte med norsk produksjon, slik som tekstilar og landbruksprodukt. Retorikken i FN om ei ny økonomisk verdsordning vart ikkje på det tidspunktet følgd opp frå regjeringa med bilaterale konsesjonar som kunne ha bidratt til ein meir rettferdig handel. SV og venstresida i Arbeidarpartiet meinte likevel at Norge burde opne for meir matimport frå utviklingsland, og slik «ta sin del av støyten».[11]
Frå 1970-åra og ut over 80-talet var kommersialiseringa av bistanden eit stridstema. Alt i 1976 sa Finn Gustavsen på vegner av SV at støtteordningar for at norsk næringsliv skulle etablere seg i utviklingsland ikkje burde reknast som bistand.[12], og Olav Stokke slår fast at SV var Høgres fremste motspelar når det galdt å bruke bistand for å fremje eksport til utviklingsland.[13] Men også KrF ville verne bistanden mot kommersialisering. Arbeidarpartiet heldt ein låg profil i slike spørsmål. Ut over 1980-åra var det meir tverrpolitisk semje om at næringslivet, inkludert norske varer og tenester, hadde ei rolle å spele i utviklingspolitikken, men det var ofte sterk strid om formene.[14] På 1990-talet vart det arbeidd systematisk frå AP-regjeringa si side for å bruke meir norske varer og tenester, noko som vart kritisert av blant andre Hilde Frafjord Johnson i KrF. Då Johnson sjølv vart utviklingsminister vart ikkje støtta til næringslivets engasjement i bistanden mindre, men ho gjekk offensivt til verks for å avbinde norsk bistand.[15]
Konsensus, men strid om strukturtilpassing
I 1980- og 90-åra var det i det store og heile politisk konsensus om bruken av bistanden, om ein ser bort frå Framstegspartiet. Men i to utviklingspolitiske spørsmål sto venstresida i opposisjon til den rådande politikken. Det første var den strukturtilpassingspolitikken som IMF og Verdsbanken sto for, og som Norge i stor grad slutta opp om. Den nordiske (og norske) representanten i dei styrande organa kunne rett nok gi uttrykk for ein viss kritikk, særleg mot den ideologien ein kunne sjå at politikken bygde på. Men Norge tok ikkje avstand frå denne politikken, som vart kalla The Washington Consensus. Enkelte representantar på venstresida i Arbeidarpartiet, som Liv Aasen, gav derimot tidleg uttrykk i Stortinget for sin mistillit til Bretton Woods-organisasjonane i desse spørsmåla, og SVs Stein Ørnhøi hevda at Verdsbanken undergrov «ethvert ærlig og anstendig forsøk på å utvikle mer rettferdige regimer».[16] Den tidlegare venstreledaren Gunnar Garbo kom som ambassadør i Tanzania med kraftig og langvarig kritikk, utan å nå fram i norsk UD. Dei sosiale kostnadene av denne strukturtilpassinga er godt dokumentert i ettertid.
Det andre spørsmålet, som hang saman med det første, var den stadig verre skuldsituasjonen i utviklingslanda. I 1990-åra utløyste dette spørsmålet eit sterkt engasjement i Norge, der særleg organisasjonen Slett u-landsgjelda etter kvart spela ei sentral rolle. Både når det galdt strukturtilpassing og sletting av skuld var engasjementet frå norske frivillige organisasjonar, eller sivilsamfunnet som det nå blir kalla, sterkt.
Det var den gjengse oppfatninga i det politiske miljøet at det var altfor enkelt berre å slette internasjonal skuld, og på Stortinget var det berre SV og RVs eine representant som var i opposisjon. Spørsmålet sto sentralt i utviklingsdebatten det neste tiåret, og fekk si løysing først mot midten av 2000-talet. Då såg både BW-institusjonane og myndigheter som dei norske at det ikkje var nokon annan veg ut av uføret enn å slette skulda, rett nok som del av strenge forpliktande innsparingsprogram i utviklingslanda sine budsjett. Ei løysing som var blankt avvist som urealistisk i 1990-åra vart altså akseptert som einaste realistiske eit tiår seinare.
Ut over 1990-åra endra norsk utviklingspolitikk seg til å bli ein brei engasjementspolitikk. Det var nødvendig å utvide bistandspolitikken slik at «fremme av grunnleggende politiske rammevilkår for varig økonomisk utvikling, som fred, demokrati og respekt av menneskerettigheter, ble inkludert».[17] Det kom etter kvart fram kritiske røyster til denne politikken, men han fekk full støtte frå den politiske venstresida på Stortinget.
Rød-grøn regjering
To stortingsmeldingar om utviklingspolitikk kan illustrere venstresidas politikk i dei åtte åra dei rød-grøne sat med makta, frå 2005 til 2013. Meldingane stod sjølvsagt for heile regjeringas politikk. Men SV hadde utviklingsministeren, og kunne i stor grad påverke prioriteringane. Klima, konflikt og kapital, St. meld nr 13 (2008-2009), vart lagt fram av utviklings- og miljøvernminister Erik Solheim, og viste korleis globale klimaspørsmål nå var blitt ein sentral del av utviklingspolitikken, med milliardsatsing på å redusere klimautslepp frå avskoging. Meldinga markerte også sterkare innsats mot ulovleg kapitalflyt og skatteparadis, og vilje til å bruke bistand for å auke utviklingslands skatteinntekter. Såleis samsvarte også denne meldinga godt med den norske venstresidas prioritering, der klima og utjamning, melom anna ved å forsvare eit relativt høgt skattenivå for å ivareta store samfunnsoppgåver, stod sentralt.
I meldinga blir det sagt at regjeringa hadde valt å bruke bistandsmidlar for å finansiere skogsatsinga, fordi utviklingslanda sjølve ikkje kunne ventast å bidra. Dei fattige landa hadde ikkje ansvaret for klimautslepp, og det var difor naturleg at dei fekk konsentrere seg om klimatilpassing. Å bruke så store summar på utsleppsreduksjon var på ingen måte uproblematisk, sidan dette var pengar som elles ville bli brukte i innsats mot fattigdom i låginntektsland. Nå vart dei brukte til å bidra til å løyse eit globalt problem. Storparten av skogpengane gjekk også til framveksande økonomiar som Brasil og Indonesia. Det er grunn til å tru at skogsatsinga vart finansiert frå bistanden fordi det ikkje var muleg å finne midlar på den storleiken andre stader i statsbudsjettet. Men det betydde faktisk omfordeling av ein stor del av bistanden frå låginntektsland til bruk for å redusere globalt klimautslepp. Det var nok det sterkt klimaengasjement på venstresida som gjorde at dette kunne gjerast utan særleg debatt og lite kritikk frå dei som ein skulle tru ville forsvare interessene til fattige landa.
Dei meir konvensjonelle stridsspørsmåla hadde heller liten plass i meldinga. Det blei vist til kritikken av Verdsbanken, og understreka at land ikkje skal påtvingast økonomiske løysingar som dei ikkje har valt sjølve. Det står også at regjeringa skal halde fram arbeidet for å sikre at Verdsbanken ikkje tvingar gjennom privatisering. Det må her seiast at på dette tidspunktet hadde det også skjedd endringar i BW-institusjonane sin politikk, som nå var meir i samsvar med nordiske haldningar.
Næringslivsinnsatsen vart i liten grad problematisert. Næringslivet vart oppfordra til å auke sine investeringar i utviklingsland, og ta med seg samfunnsansvar og god praksis frå Norge. Det var ingen usemje om næringslivsbistanden i innstillinga frå utanrikskomiteens til stortingsmeldinga.
Innstillinga viste elles den sterke konsensusen om hovudlinjene i norsk utviklingspolitikk, med unntak av Framstegspartiet. Dei spørsmåla der det var ei viss usemje mellom regjeringspartia og opposisjonen (bortsett frå FrP), gjekk lite langs ei venstre-høgrelinje.
Medan det viktigaste i St meld 13 var klima, indikerte allereie tittelen på Melding til Stortinget nr. 25 (2012-2013) Dele for å skape ein meir radikal politikk for fordeling og vekst. Ved verbalt å setje fordeling framfor vekst – om ikkje over vekst – skilde analysen frå utviklingsminister Heikki Holmås seg frå tidlegare stortingsmeldingar. Med denne meldinga ville regjeringa varsla «en kraftsamling i vår innsats for rettferdig fordeling og vekst i fattige land»[18] og «økt fokus på bærekraftig vekst og mer rettferdig fordeling innad i land». Dette skulle komplettere «kampen for en mer rettferdig fordeling mellom fattige og rike land»,[19] der Norge skulle stå fremst. Verdsbankens World Development Report 2006 sette likskapsomgrepet på dagsordenen internasjonalt, men rapporten blei kritisert for ikkje å ta nok tak i inntektsforskjellane.
I stortingsmeldinga vart det slått fast at god offentleg fordelingspolitikk inneber å investere i offentlege tenester som sikrar befolkninga grunnleggjande rettar og å ha sosiale tryggingsnett som fangar opp dei svakast stilte i samfunnet. Regjeringa la fram eit sett tiltak som til saman kan karakteriserast som ein offensiv for betre fordeling, slik som støtte til auka skatteinngang, arbeid for ei muleg internasjonal valutaavgift, støtteordningar med direkte pengeoverføringar til utsette grupper, inkluderande vekst og meir rettferdig fordeling. Ei rad tiltak, somme nye, var også annonserte i arbeidet mot ulovleg kapitalflyt frå utviklingsland og mot skatteparadis. Elles signaliserte meldinga eit meir systematisk engasjement for å fremje og verne om demokrati, ytringsfridom og rettsstat.
Om næringspolitikk slo meldinga fast at føremålet med Norfund er å fremje utvikling i utviklingsland, ikkje å bidra til internasjonalisering av norsk næringsliv. Samtidig skulle Norfund arbeide aktivt for å mobilisere norske selskap som partnarar i prosjekta. Meldinga la også vekt på arbeid for regulerte forhold og trepartsamarbeid i næringslivet, og hadde ei meir systematisk tilnærming på dette området enn tidlegare meldingar. Men tiltaka var samstundes innanfor det som kunne få brei politisk støtte. Meldinga annonserte også strengare prioritering i programma Olje-for-utvikling og Skatt-for-utvikling, med større vekt på demokrati og aktiv fordelingspolitikk.
Samla sett representerte denne meldinga ei klar omlegging av vektlegginga i analysen, sjølv om den inneheldt få enkelttiltak som det ikkje kunne vere politisk semje om. Innstillinga frå utanrikskomiteen viste då også meir usemje og dissensar om analysane og skildringa av situasjonen enn i tidlegare meldingar. Høgre og FrP var ikkje utan motstand med på formuleringar som at makt og økonomiske fordelar ikkje blir omfordelte, og at økonomisk vekst ikkje åleine kunne utrydde fattigdom. Men medan regjeringspartia (A, SP og SV) meinte meldingas vekt på berekraft og fordeling markerte eit skilje i utviklingspolitikken, slo H og KrF fast at meldinga bygde på ein lang tradisjon i denne politikken.
Om tiltaka var det likevel stor einighet. Det gjaldt demokrati, men også tiltak når det galdt ulovleg kapitalflyt frå utviklingsland. Den vesle usemja som var om konkrete tiltak gjekk delvis langs kjende linjer, slik som at H og Frp ikkje ville støtte innføring av internasjonal valutaavgift. Men standpunkta kunne også vere noko overraskande, som når Krf, H, og Frp gjekk saman om å etterlyse vedtak om at pensjonsfondet (utland) burde vere forplikta til å investere meir i fattige land. Elles kan ein merke seg at regjeringspartia og KrF gjekk inn for auka støtte til pengeoverføringar (trygder m v), og at organisasjonane i sivilsamfunnet hadde ei rolle å spele her.
I opposisjon
Etter dei rød-grøne sitt valnederlag i 2013 har partia på venstresida mist mykje av sitt tak på utviklingsdebatten, og det har vore relativt få nye initiativ. KrF la fram ei omfattande alternativ melding mot Høgre-regjeringas politikk på utviklingsområdet i 2016.[20] Denne motmeldinga, som ho også vart kalla, representerte ein politikk som venstresida i stor grad kunne slutte seg til, sjølv om det klart var område der ein ville gå lenger i å få til endringar. Det siste året er det særleg spørsmålet om organisering av bistandsforvaltninga mellom UD og Norad som har skapt debatt.
Likevel har det vore initiativ som har konsentrert seg om å utvikle ny politikk på venstresida. Ei arbeidsgruppe i SV la fram eit heilskapleg forslag til ny utviklingspolitikk framfor valet i 2017.[21] Rapporten tok til orde for å kjempe mot underliggjande årsaker til fattigdom og urettferdig fordeling av makt og ressursar. Det vart kravd eit mykje breiare og tyngre engasjement når det gjeld skatt og skatteparadis. Utvalet ville også ta debatten om global goods and bads vidare ved å foreslå eit nytt globalt tiltak for minsteinntekt (ulike former vart skisserte) for å bidra til å nå berekraftsmål nr. 1 om utrydding av fattigdom innan 2030. Utvalet foreslo vidare eit politisk initiativ for å styrke det internasjonale arbeidet med arbeidsstandardar og internasjonale arbeidstakarrettar i tråd med ILOs kjernekonvensjonar, og for å skjerpe kampen for ei lønn å leve av. Utvalet tok eit oppgjer med New Public Management-tenkinga i utviklingsadministrasjonen, og gjekk inn for å stanse utbreiinga av konkurranseutsetjing i bistanden. Samla sett utgjorde forslaga ei klar styrking av ein radikal politikk som i større grad enn tidlegare markerte seg mot den rådande utviklingspolitikken, styrt av høgresida. Ein del av forslaga vart tekne inn i SVs program for stortingsperioden.
Agenda la i januar 2019 fram eit grundig paper om økonomisk ulikhet i verda og korleis norsk utviklingspolitikk kan gjere ein forskjell, skrive av Catharina Bu. Som tittelen tilseier konsentrerer dokumentet om ulikhet, og foreslår ei ny stortingsmelding om ulikhet i utviklingspolitikken. Norge bør ta eit internasjonalt initiativ til å følgje opp og sikre at berekraftsmål nr. 10 om å redusere ulikhetene i verda. Vidare tas det til orde for auka støtte til ILOs innsats for anstendig arbeid og støtte til MR-forsvararar og sivilsamfunnsorganisasjonar som kjempar mot økonomisk ulikhet. Paperet har fleire forslag på ulike nivå for sterkare innsats for skatt for utvikling. Det gjeld både auke i bilateral norsk bistand på område, initiativ til ein internasjonal skattekommisjon og auka støtte til FNs skattekomite. Det blir og tatt til orde for å kutte bistand til kommersielle tilbydarar innanfor helse og utdanning, og at Norge bør auke den økonomiske og politiske støtta til land som ønskjer å innføre universelle sosiale tryggingsnett. Samla sett vil desse forslaga kunne bidra til ei markert dreiing til venstre av norsk utviklingspolitikk.
Oppsummering
Det går ei klar linje frå Finn Gustavsen og Liv Aasen til Marit Nybakk og Heikki Holmås. Den ikkje-dogmatiske venstresida var dei sterkaste forkjemparane for å opprette norsk utviklingshjelp, og har sidan gitt full støtte til bistanden og til å auke bistanden. Den anti-imperialistiske bølgja i 1970-åra kunne føre til kritikk av mykje i utviklingssamarbeidet, men ikkje motstand mot bistand i seg sjølv. Derimot førte den til at global økonomisk rettferd, solidaritet med frigjeringsrørsler og bistand til progressive regime vart sett på dagsordenen.
Kritikken frå venstresida handla mykje om Bretton-Woods-institusjonane sin politikk for strukturreformer og privatisering. Den handla også om kor sentral statens rolle skulle vere, om det private næringslivets rolle og kommersialisering. Etter kvart vart motstanden mot næringslivets rolle i bistanden mindre, noko ein kan sjå i lys av at alternativa til marknadsøkonomien etter kvart fall bort for storparten av venstresida reint generelt. I tillegg til dei stridstema som er nemnde ovanfor kom også motsetningane langs venstre-høgreaksen klart til uttrykk ved val av nye samarbeidsland.
Konsensusen om bistand, som likevel dominerte, omfatta alle stortingspartia unntatt Framstegspartiet, som tidleg markerte seg som motstandar av tvungen statleg u-hjelp,[22] og seinare gjekk inn for kraftige reduksjonar i bistanden. Konsensusen strekte seg langt ut i den breiare utviklingspolitikken. Rett nok var det venstresida, ikkje minst i Arbeiderpartiet, som køyrde fram ny økonomisk verdsorden, og venstresida var også drivande når det galdt globale spørsmål som kampen mot ulovleg kapitalflyt frå utviklingsland og mot skatteparadis. Men slike spørsmål vakte med få unntak liten strid.
Venstresida var også drivande, saman med sivilsamfunnsorganisasjonar, når det gjaldt tematiske prioriteringar, slik som å integrere kvinne- og kjønnsperspektiv og miljøomsyn i bistanden. Det galdt også støtte til utsette grupper, som etniske minoritetar, personar med nedsett funksjonsevne og seksuelle minoritetar. Men når desse spørsmåla vart sett på dagsorden, var det oftast tverrpolitisk semje og lite strid om prioriteringa.
Der er verdt å merke seg at dei politiske sakene som skapte usemje innanfor denne konsensusen i stor grad gjekk langs kjende norske partipolitiske skiljelinjer. Det har såleis vore eit godt samsvar mellom venstresidas politikk nasjonalt og dei utviklingspolitiske prioriteringane.
Kjelder
Bu, Catharina: Økonomisk ulikhet i verden: Hvordan kan norsk utviklingspolitikk gjøre en forskjell? Agenda 1/2019
Eriksen, Tore Linné (red): Underutvikling. En antologi om u-land og underutvikling i historisk perspektiv. 1974
Eriksen, Tore Linné (red): Den vanskelige bistanden. Noen trekk ved norsk utviklingshjelps historie, Universitetsforlaget 1987
Krøvel, Roy & Kristin Skare Orgeret (red): Fredskorpset, Pax forlag 2013
Liland, Frode og Kjerland, Kirsten Alsaker: Norsk utviklingshjelps historie III 1989-2002 På bred front. Fagbokforlaget 2003
Ruud, Arild Engelsen og Kjerland, Kirsten Alsaker: Norsk utviklingshjelps historie II 1975-1989. Vekst, vilje og utfordringer. Fagbokforlaget 2003
Simensen, Jarle: Norsk utviklingshjelps historie I 1952-1975. Norge møter den tredje verden, Fagbokforlaget 2003
Sosialistisk Venstreparti: Utviklingspolitikk og internasjonal rettferdighet. Forslag til diskusjon. Arbeidsgruppe i SV. 2016
St.meld.nr.13 (2008-2009) Klima, konflikt og kapital. Norsk utviklingspolitikk i et endret handlingsrom.
Meld.St.25 (2012-2013) Dele for å skap. Demokrati, rettferdig fordeling og vekst i
Verdivalg og veivalg for en ny tid. KrFs alternative melding for morgendagens utviklingspolitikk, 2016
World Bank: World Development Report
[1] Sjå Bu, Catharina: Økonomisk ulikhet i verden
[2] Simensen: 44
[3] Simensen: 38
[4] Simensen: 112
[5] Simensen: 175
[6] Simensen: 249
[7] Simensen: 250-251
[8] Eriksen (red): 11
[9] Simensen: 269
[10] Simensen: 275
[11] Liland og Kjerland: 65
[12] Simensen: 40
[13] Stokke i Eriksen (red): 56
[14] Eriksen (red): 182- 183
[15] Liland og Kjerland: 227
[16] Ruud og Kjerland: 166
[17] Liland og Kjerland: 77
[18] Meld.St.25 (2012-2013): 10
[19] Meld.St.25 (2012-2013): 10
[20] Verdivalg og veivalg for en ny tid. KrFs alternative melding for morgendagens utviklingspolitikk
[21] https://www.sv.no/arbeidsgrupper-til-programmet/arbeidsgruppe-for-utviklingspolitikk-og-internasjonal-rettferdighet/
[22] Særleg i Carl I Hagens tid som formann, sjå for eksempel https://www.nrk.no/norge/kritisk-til-okt-bistand-1.507259