Før valet i Israel gjekk statsminister Netanyahu, som nå blir peika ut som vinnar, i allianse med eit ope rasistisk parti. Er det noko i påstanden om at Israel er i ferd med å bli ein apartheid-stat?
Dei to øvste rabbinarane i Israel har anbefalt ei bok som går inn for å bruke DNA-testar for å avgjere kven som er jøde eller ikkje. Det får meg til å minnast blyant-testen. For femti år sidan brukte apartheidregimet i Sør-Afrika denne langt mindre sofistikerte prøven til å avgjere om eit barn høyrde til den kvite rasen. Var håret stivt nok til at ein blyant møtte motstand, kunne ikkje barnet vere kvitt. Då kunne det sjå langt etter eit privilegert liv som fullverdig borgar av den sør-afrikanske republikken, og vart forvist til område der ikkje-kvite skulle bu.
Israel har dei siste åra blitt samanlikna med apartheid. Nelson Mandelas barnebarn Nkosi Zwelivelile skriv om korleis Israel liknar meir og meir på apartheidstaten. Eg har stritta imot denne samanlikninga. Ingen bilde har gjort større inntrykk på meg enn barndommens foto av haugane av lik og utsvelta overlevande som amerikanske soldatar fann då dei gjekk inn i konsentrasjonsleirane etter Nazi-Tyskland i 1945. Forsøket på industriell utrydding av eit folk på mange millionar har ingen parallell i historia. Jødefolkets krav om sitt eige land var lett å forstå etter det. Det sit nok ein del sympati att. Den sympatien som fekk meg til å henge opp La Israel leve-plakatar på gymnaset i 1967.
PARALLELLAR
I mellomtida har eg sett apartheid på nært hald. Apartheid var diskriminering ved lov, skilnaden mellom rasar var innskriven i grunnlova og forsøkt gjennomført på alle område i samfunnet. Den kvite rasen var overlegen alle andre. Det gjorde apartheid unikt på 1970- og 1980-talet, noko vi som aktivistar mot apartheid alltid la vekt på.
Det er slåande parallellar mellom historia til Sør-Afrikas boarfolk og det jødiske folket. I dag blir jødane sin rett til landet vi kjenner frå bibelhistoria grunngitt med at jødane er Guds utvalde folk. Boarane kjende seg som Guds utvalde i Afrika, eit syn på seg sjølve som vart utvikla under det store trekket bort frå britane i Kappstaden og innover kontinentet. Då var det berre to ting dei kunne lite på – geværet og den hollandske bibelen.
I Bibelen fall det dei lett å kjenne ein felles lagnad med Israel-folket. På høgslettene fann dei også sitt Kana’ans land, der dei oppretta boarstatane Oransjefristaten og Transvaal. På 1900-talet utvikla presteskapet ideen om å vere eit folk utvalt av Gud til å styre i Sør-Afrika, og dette synet vart innprenta i den oppveksande slekta gjennom skulen og i kyrkjene.
Det finst meir likskap. Då den såkalla Boarkrigen braut ut mellom Storbritannia og boarstatane i 1899, møtte den engelske hæren sterkare motstand enn dei hadde rekna med. Då gjekk britane drastisk til verks, og internerte boarane i konsentrasjonsleirar. 28 000 barn, kvinner og menn døydde av svolt og sjukdom i desse leirane. Ein mannsalder seinare skulle dette britiske konseptet, som vi ville sagt i dag, bli kopiert av Nazi-Tyskland i ein hundre gonger større skala og med mål om full utrydding.
FORBLØFFANDE LIKE
Konflikt handlar ofte om land. Dei to karta under er forbløffande like. Det eine er frå Sør-Afrika under apartheid. Det andre er av Israel og dei palestinske områda i dag. Fargeklattane på Sør-Afrika-kartet utgjorde bantustans, område som meir enn to tredelar av befolkninga var forviste til, og som regjeringa i Pretoria etter kvart tilbaud ein form for sjølvstende. I 1960 utgjorde kvite i Sør-Afrika 19 prosent av befolkninga. Det var denne svært ulike fordelinga av land som vart kalla grand apartheid.
På Israel-kartet har palestinarane eit slags sjølvstyre i dei gule felta. I tillegg til Gazastripa ligg desse spreidde over Vestbreidda, der dei lyseblå områda er kontrollerte av Israel, og der stadig meir av landet nå består av israelske busetnader. Parallellen til grand apartheid er ikkje til å komme frå.
Men her begynner forskjellane. Om lag ein tredel av palestinarane bur utanfor Vestbreidden og Gaza og blir ikkje nekta statsborgarskap i sitt eige land, slik afrikanarane var det. Israels fridomserklæring frå 1948 slo fast at den israelske staten ville sikre full likskap når det galdt sosiale og politiske rettar for alle innbyggjarane, uavhengig av religion, rase og kjønn. Israel har ingen offisiell ideologi om at jødar er overlegne andre folkeslag.
STERK DISKRIMINERING
Det mest iaugefallande med apartheid var skilta som møtte deg, frå butikkar til badestrender, på skular og på bussar; Whites only. Ekteskap mellom europearar og afrikanarar var forbode. Det var dette som var apartheids ansikt. At folk blir nekta stemmerett og jaga bort frå jorda har skjedd mange stader, seinast i Myanmar. Det kan også vere meir brutalt enn apartheid var. Men knapt noko kan vere meir audmjukande enn kvart minutt på dagen å bli minna om at du er ein andreklasses borgar, og mindre verdt.
Slike lover finn ein ikkje i Israel, det har kritikarane av apartheid-samanlikninga rett i. Men murar, identitetskort og bilvegar som berre israelske settlarar kan bruke, minner stygt. Det skjer ei sterk diskriminering av palestinarar både i og utanfor sjølve Israel, og noko av denne diskrimineringa er også lovfesta. Det er for eksempel berre palestinarar som kan miste sin rett til å bu i Jerusalem. Men apartheid var diskriminering ved lov i alle delar av samfunnslivet.
Det som har gjort apartheid-parallellen særleg aktuell i det siste er proklamasjonen av Israel som nasjonalstaten for det jødiske folket, vedtatt i parlamentet i juli i fjor. Nasjonalstatslova seier at det berre er jødar som har sjølvstyrerett i Israel, og lova går føre likskapsidealet i fridomserklæringa frå 1948. Vedtaket rammer ikkje berre palestinske borgarane i Israel, men også hundretusen av immigrantar som ikkje kan prove at dei er av jødisk ætt. Sjølv om det ikkje er klart kva den nye lova vil bety i praksis, vil ho gi lite meining om ho ikkje kan gi ‘ekte jødar’ rettar og gode som andre ikkje vil få.
PRØVA LIGG I FRAMTIDA
Det er her forslaget om DNA-test kjem inn. For kan du ikkje bevise at du er jøde, har du heller ingen rett som jøde. Den diskrimineringa er der allereie i religiøse spørsmål. Du må kunne bevise at du er jøde for å ha lov å gifte deg på jødisk vis. Den framståande rabbinaren Dov Hayon vart henta av politiet om natta og anklaga for å ha gjennomført eit giftarmål som ikkje var godkjent av det ultra-ortodokse presteskapet.
Men den verkelege prøva ligg i framtida. Det er ikkje lenger mange som trur palestinarane kan få ein eigen stat, og dei palestinske sjølvstyremyndighetene blir stadig svakare. Om ikkje lenge, seier spaltisten Thomas L. Friedman i New York Times, kan 2,5 millionar palestinarar vende seg til Israeg gi oss stemmerett.» Det er lite truleg det vil gå akkurat slik. Men kva skjer når det går opp for Israel at dei har eit ansvar for 4 – 5 millionar menneske som bur i dei gule flekkene på kartet, når dei også vil reindyrke den jødiske staten? Må ein ennå ein gong trekkje fram George Orwells Animal Farm om korleis den undertrykte sjølv endar opp lik sin undertrykkar, når han får makt?