Malawi – eit demokratisk lyspunkt

GLOBAL MORGON STAVANGER 12. MAI 2021

Av Asbjørn Eidhammer

3. februar i fjor kunngjorde Høgsterett i Malawi ein dom som fekk det britiske tidsskriftet The Economist til å kåre Malawi til The Country of the Year in 2020, og som resulterte i at dette vesle tettfolka landet gjorde fleire hopp på internasjonale demokrati-indeksar. I dommen vart resultatet av presidentvalet året før, i mai 2019, erklært ugyldig. Høgsteretten fann utbreidde og systematiske avvik og regelbrot i oppteljinga av stemmene, noko som gjorde den knappe valsigeren til den sitjande presidenten Peter Mutharika høgst usikker. Det var særleg bruken av korrektivlakk for å endre tal på resultatarka det vart reagert på. Somme snakka om Tippex-valet.

I valet hadde Mutharika fått knapt 39 prosent av stemmene, medan opposisjonsledaren Lazarus Chakwera hadde fått vel 35 prosent. Ein annan opposisjonsledar, den dåverande visepresident Saulos Chilima, fekk 20 prosent. Opposisjonen, med støtte frå det meste av sivilsamfunnet, protesterte på valutfallet, og tok saka til Høgsterett. Samtidig med den langvarige rettssaka som følgde gjekk det føre seg ein omfattande protestkampanje med aksjonar og demonstrasjonar over heile landet.

Høgsteretten bestemte at det skulle gjennomførast eit nytt presidentval innan 150 dagar. I tillegg tolka retten denne gongen grunnlova slik, at i motsetning til tidlegare, måtte ein kandidat ha minst 50 prosent av røystene for å bli vald til president. Og i omvalet, som blei halde i juni i fjor, gjekk Chakwera saman med den andre opposisjonskandidaten Chilima og ein del andre grupper. Slik var det i realiteten berre to seriøse kandidatar i omvalet. 

Chakwera fekk nå 59 prosent av røystene, medan Mutharika enda opp med knapt 40 prosent. Mutharika godtok nederlaget, noko som er ganske sjeldsynt i afrikanske land, og som vi nå veit, heller ikkje lenger sjølvsagt i USA.

Når det britiske tidsskriftet utnemnde Malawi til årets land eller årets stat var grunngivinga at landet hadde gjenoppliva demokratiet i ein autoritær region. Og det er sant at det bles autoritære vindar i mange afrikanske land.

Vi har sett det i nabostatane Zambia, Zimbabwe og Uganda, og ikkje minst i Tanzania, i alle fall inntil president Magufuli døydde nyleg. Men det vil ikkje vere rett å seie at demokratiet i Malawi er gjenoppliva. Eg vil heller seie at høgsterettsdommen frå februar 2020 representerer ein kontinuitet i ei politisk utvikling dei siste 25 åra.

Historisk bakgrunn

Då må eg gå litt tilbake i historia. Nyasaland, som landet då heitte, var ein britisk koloni, eller protektorat, som går ut på det same, fram til landet vart uavhengig i 1964. Kampen for uavhengighet blei leda av ei gruppe uvanleg dyktige ungdommar.

Ein av desse unge ledarane var Dunduza Chiseza. Han var ein lysande og føresjåande intellektuell. Midt i jubelen over uavhengigheten som dei fleste afrikanske landa oppnådde omkring 1960, og då alle såg fram til framgang and skinande fridom, kom Dunduza Chiseza med desse profetiske orda under eit internasjonalt møte i Malawi:  

Africa has groaned in the past, is wailing at present, and will probably yell in the future under the yoke of oppression and exploitation.” 

Men han og dei andre unge ledarane kjende seg for unge til å føre landet til uavhengigheten, og dei inviterte Hastings Banda, som då budde i England, til å komme tilbake og leie landet til fridom. Men det viste seg fort at Banda var svært så autoritær, blant anna omtala han dei unge ledarane som my boys. Dunduza Chiseza var den første som konfronterte Banda med ledarstilen hans. Nokre veker seinare var han død. Bilen hans bomma på ei bru seint ein kveld i september 1962 på vegen mellom den største byen Blantyre og Zomba, som då var hovudstaden. Årsaka til ulykka vart aldri heilt klar.

Då landet vart uavhengig i 1964, og Banda vart statsminister, hadde han ikkje bruk for dei unge ledarane lenger. Etter tre månader hadde han samla all makt i sine hender, og dei som tok til orde mot han var etter kort tid spreidde for alle vindar.

Hastings Kamuzu Banda var ein spesiell person. Han drog ut frå Nyasaland i 1915, fast bestemt på å skaffe seg utdanning. Via Rhodesia, Sør-Afrika og USA vart han til slutt ferdig utdanna som lege i Storbritannia i 1937. Han praktiserte deretter det meste av tida som godt likt lege i England fram til han vart kalla tilbake til Nyasaland i 1958. Då var han om lag 60 år gammal.  Han hadde vore medlem av det britiske arbeidarpartiet, men han styrte nå Malawi i 30 år som eit av Afrikas mest totalitære regime. Han var ein varm beundrar av alt britisk. Unntatt demokratiet, må ein vel leggje til. Han hadde eit nært samarbeid med USA og Storbritannia, og Malawi var det einaste uavhengige landet i denne delen av  Afrika som anerkjende apartheid-regimet i Sør-Afrika. Han tolte ingen opposisjon. Dersom andre markerte seg for mykje, fall dei i unåde. Mange blei avretta eller sat årevis i fengsel. Men ein ting ved hans styre skulle bli viktig seinare. Han brukte den tradisjonelle høvdingstrukturen til å dømme folk politisk. Det betydde at det ‘moderne’ rettssystemet fungerte relativt uavhengig.

Då demokratiets vindar nådde Afrika på 1990-talet, var diktatoren Banda over 90 år. Han trudde han hadde folket med seg, og gjekk med på å halde folkerøysting om å innføre fleirpartival i 1993. Han tapte, og han tapte også det første presidentvalet i 1994, då Patrick Muluzi frå United Democratic Front vann.

Denne omveltinga skjedde nesten utan valdshandlingar, og landet fekk ei ny grunnlov som var av dei mest demokratiske i verda. Den sikra frie val og fri presse, og sentrale rettar for borgarane vart slått fast. Det vart også vedtatt at ein president berre kunne sitje i to periodar.

Men det sto ingen ny generasjon klar til å ta over den politiske styringa. Mange av dei beste hadde flykta til utlandet og etablert seg der. I Malawi var all kritisk tenking knust. Det var difor mange av dei som hadde hatt sentrale posisjonar tidlegare under Banda som nå overtok, og det prega også det politiske livet utover.

Den nye presidenten og hans parti begynte godt med blant anna å opprette ei rad nye institusjonar for å styrke demokratiet, slik som antikorrupsjonsbyrå, ombudsmann og ein menneskerettskommisjon. Muluzi vart attvald i 1999, men eit par år seinare  begynte partiet hans å argumentere for ei endring i grunnlova slik at han skulle kunne stille for ein tredje presidentperiode i 2004. Tida frå slutten av 2001 til tidleg i 2003 vart ein intens og dels dramatisk periode i malawisk politikk. Det var nervepirrande å sitje på tilhøyrarbenken i nasjonalforsamlinga då avstemminga om ein tredje periode gjekk føre seg. Berre tre avhaldande stemmer hindra to tredels fleirtal slik at Muluzi ikkje kunne stille på nytt. Trass i at mykje pengar hadde skifta eigar og det var trugsmål og valdsepisodar, så klarte opposisjonen å stå imot, og presidenten og hans parti måtte følgje grunnlova. 

Det var kandidaten som Muluzi hadde utpeika som sin etterfølgjar, Bingu wa Mutharika, som vann valet i 2004. Men han braut snart med Muluzi og stifta sitt eige parti. Han la om den økonomiske politikken, og sikra ein kraftig økonomisk vekst og auke i matproduksjonen. I 2009 vart han attvald med stort fleirtal. Men så begynte problema. Politikken hans var ikkje økonomisk berekraftig, noko som førte til store vanskar, mangel på utanlandsk valuta og rasjonering av bensin. Bistand vart halden tilbake. Støtta han hadde hatt snudde seg til motstand, og nå kom Bingus autoritære sider veldig klart fram. Han sto på sitt. Både media, opposisjonen og sivilsamfunnsrepresentantar vart truga og hersa med. Dette var nok den mest kritiske perioden i landet etter at demokratiet var innført. Det var stor mangel på forbruksvarer og drivstoff, og politisk var det rein stillstand. Visepresident Joyce Banda hadde då alt ryke uklar med presidenten, og hadde starta sitt eige parti.

Så døydde president Mutharika brått skjertorsdag 2012. I eit par dramatiske dagar nekta ledarane i regjeringspartiet for at Bingu var død, medan dei febrilsk prøvde å hindre at visepresident Joyce Banda skulle ta over. På eit tidspunkt prøvde dei å få hærsjefen til å ta makta inntil det kunne haldast nye valg, men han nekta. Til slutta vann grunnlova igjen, og formannen for Høgsterett tok President Joyce Banda i eid i det nye kinesiskbygde parlamentet og møtte jublande folkemengder på plassen framføre det grandiose bygget etterpå.

            Når eg tenkjer på dette i ettertid, slår det meg kor ope samfunn det malawiske er. Og akkurat nå er det interessant å samanlikne med Tanzania. Tanzanias president Magufuli  vart for eit par månader sidan borte frå offentlegheten. Ingen visste kva som skjedde. Det ryktast at han hadde fått covid-19 og var på sjukehus i Kenya. Så blei det sagt han var tilbake på kontoret. Men ingen informasjon såg ut til å lekke ut. Så kom den brå beskjeden om at han var død. Offisielt døydde Magufuli av hjartekomplikasjonar, sjølv om folk trur det var av korona-viruset. 

Då Mutharika fekk slag på morgonen skjertorsdag i 2012, vart han kjørt til sjukehuset, der gjenopplivingsforsøka varte atskillig lenger enn det var grunnlag for. Ved lunsjtider same dagen, to dagar før regjeringa innrømma at han var død, visste folk i Lilongwe det. Nokon hadde sett familien forlate sjukehuset på føremiddagen, noko dei aldri ville gjort om han ikkje var død. Detaljane om hendingane på kvelden, då presidenten vart sendt til Sør-Afrika for såkalla behandling, var ute morgonen etter. Det er ikkje lett å halde noko skjult i Malawi. Eitt år seinare kom også ein nedsett kommisjon ut med ein grundig og sakleg rapport om alt som hadde skjedd under maktskiftet.

Joyce Banda tok over og la om den økonomiske politikken. Nå var det varer nok, sjølv om dei var dyrare. Ho gjorde slutt på trugsmål og ho tilsette kvinner i ei rad viktige posisjonar. Ho var populær, ikkje minst blant utviklingspartnarane. Så kom den store korrupsjonsskandalen, den såkalla Cashgate. Det heile var så enkelt. Passord for utbetaling frå Finansdepartementet kom på avvegar. Over ein periode på 4-5 månader i 2013 vart store summar betalte ut rett frå statskassa til konti som høyrde til forskjellige firma og enkelpersonar. Det var klart at det var sentrale personar i regjeringa og regjeringspartiet som sto bak, men til nå finst det ingen bevis for at presidenten sjølv var innblanda, endå om rykta tilsa det. President Joyce Banda sette i gong ein omfattande aksjon for å rydde opp, den mest omfattande korrupsjonsetterforskinga eg har sett, med mange arrestasjonar og etter kvart mange domfelte.

Fram mot nyvalet i 2014 såg det framleis ut til at Joyce Banda hadde gode sjansar til å bli attvald, men på valdagen var det tidlegare president Bingu Mutharikas bror, jusprofessoren Peter Mutharika, som fekk flest stemmer. For Joyce Banda var nok det litt av eit sjokk, men etter nokre timars uvisse hadde ho ingen andre utvegar enn å godta valet av Peter Mutharika, og det skjedde altså eit nytt maktskifte.

Den hittil siste prøva kom så med valet i 2019 og den etterfølgjande høgsterettsdommen i 2020, valet i juni i fjor og det nye maktskiftet då Lazarus Chakwera, som forresten representerer diktatoren Hastings Bandas gamle parti, Malawi Congress Party, overtok som president.

Ein kan difor trygt seie at Malawi gjennom dei siste 27 åra har levd opp til den prøva på demokrati som den gamle statsvitarguruen, amerikanske Seymor Lipset, i si tid formulerte, at folket i eit land har konstitusjonelle muligheter til å skifte ut ei regjering. For kvar krise, for kvart regjeringsskifte, meiner eg at demokratiet i Malawi har komme ut sterkare. Det skal domstolane ta ein stor del av æra for. Domstolane har som alle andre lite ressursar og er ofte ineffektive, og dei er ikkje fri frå korrupsjon. Men om att og om att har dei vist seg å vere uavhengige, og domsavgjerdene har i det store og heile blitt aksepterte også av makthavarane.

Demokrati er sjølvsagt meir enn berre val. Freedom House i Washington har sett saman ein indeks som omfattar ulike kriteria for fridom i verdas land. I følgje den indeksen er det berre fem land på det afrikanske kontinentet som er like frie eller friare enn Malawi. Det er Sør-Afrika, Namibia og Botswana i det sørlege Afrika og Ghana og Senegal i Vest-Afrika.

Kva er det så som kjenneteiknar malawisk politikk? Som i mange land spelar enkeltpersonar den sentrale rolla i det politiske livet, meir enn politiske parti eller interessegrupper. Beslutningar er sterkt sentraliserte. Parti som ikkje har ein sterk mann – eller sjeldnare ei sterk kvinne – har oftast store indre problem med personkampar og feidar.

Det er det ein kallar The Big Man Syndrom. Det var sjølvsagt svært sterkt under diktatoren Kamuzu Banda, og vart svekka etter hans fall i 1994. Men ennå gjennomsyrer klientalismen det politiske livet i landet, forholdet mellom patronen og klientane hans. [M1] Medan ledaren (patronen) er opphøgja og prisa, er forventningane frå tilhengjarane – klientane – om å få noko tilbake, store. Dei som blir valde til nasjonalforsamlinga eller til og med blir ministrar, har eit sterkt press på seg om å betale tilbake, å tilby jobb eller andre gåver. Alle politikarar må leve med denne realiteten.

Denne klientalismen har også ein historisk bakgrunn. Ein dag medan eg var i Lilongwe var det demonstrasjon utanfor Magistrate Court, eller tingretten, i Lilongwe. Det var ikkje så uvanleg. Det uvanlege var at demonstrantane kom frå ein bestemt landsby utanfor hovudstaden, og dei protesterte mot at den lokale høvdingen deira var stilt for retten for korrupsjon. Han hadde tatt mot gåver (geiter og høner, om eg hugsar rett) frå folk i landsbyen i samband med utøving av høvdingoppgåvene sine. At det var noko gale med det kunne ikkje landsbyfolket forstå. Slik hadde det jo alltid vore, at lokale tradisjonelle ledarar tok mot gåver frå folk. Så kunne befolkninga på si side vite at høvdingen kom dei til hjelp når dei trong det. Det var som ein kontrakt. Det er denne tankegangen mange afrikanske ledarar nyttar seg av for å skaffe seg rikdom av heilt andre dimensjonar enn dei gåvene det var snakk om i det gamle samfunnet. Og det bidrar også til at mange forventar at ledarane deira skal vere velståande, dei skal ha midlar til å yte gjengjeld for stemmene dei får ved val.

Slike big man-mekanismar blir styrka gjennom einmannsvalkrinsane. The winner takes it all. Mykje står derfor på spel. Når du stiller til val, må du vanlegvis bruke mykje av dine eigne pengar. Følgjene av å tape og bli utestengd frå politiske posisjonar kan vere lagnadstunge for deg personleg. Og endå om du blir vald til parlamentet, taper du om du ikkje er med i partiet som vinn presidenten og tar regjeringsmakta. Dette er ein situasjon som gir grobotn for politisk hestehandel og korrupsjon. Det dannar seg alliansar mellom politikarar som er innanfor og grupper i den private sektoren, slik at businessinteresser og  personlege og politiske interesser ofte blir samantvinna på måtar som blir svært lite gjennomsiktige. Det er noko av bakgrunnen for ein korrupsjon som har auka kraftig dei siste 25 åra.

Men det er viktig å understreka desse aspekta av politikken for betre å forstå den situasjonen politikarane er i. Det finst kjeltringar, sjølvsagt. Men dei fleste malawiske politikarane eg kjenner, ikkje minst kvinner, brukar mykje tid og eigne pengar på tiltak innanfor valkrinsane sine, skular, bruer, matvarehjelp, for ikkje å snakke om alle gravferdene og bryllupa dei må bidra til.

Samtidig var heller ikkje kjerneverdiar i demokratiet ukjende i mange tradisjonelle afrikanske samfunn. Det fanst sjølvsagt totalitære diktatur, seier den britiske historikaren Richard Dowden, slik som Zuluriket og det bugandiske imperiet i Uganda. Men dei fleste afrikanske kongar og hovdingar måtte finne seg i kontrollsystem og maktbalanse, av komitear av dei eldste eller av allmøte. Metoden var å diskutere til ein kom fram til semje, det viktige var konsensus. Malawi har valt å ha eit politiske system der du anten vinn eller taper. Ein stor del av befolkninga vil då alltid kjenne seg utanfor, fordi ein har tapt. Det er ikkje i samsvar med afrikanske tradisjonar.

The Malawi Puzzle

Somme internasjonale observatørar snakkar om The Malawi Puzzle, eller Gåta Malawi på norsk. Den er formulert slik: Kvifor er Malawi i dag eit av dei fattigaste landa i verda, når landet i motsetning til dei fleste andre land vi finn nedst på Verdsbankens statistikk, slik som Afghanistan, Sør-Sudan og Burundi, ikkje har vore plaga av krig eller store naturkatastrofar dei siste tiåra. Det gir meg ein grunn til å gå tilbake i historia igjen.

I den kjende boka si frå 2009, The Bottom Billion, la den britiske økonomen Paul Collier fram ei rad utviklingsfeller (development traps) som han meinte forklarer kvifor så mange land har problem med å komme seg ut av fattigdommen. Ei av dei var innlandsfella, the inland trap, korleis mange land var hemma fordi dei ikkje hadde lett tilgang til havet.

Malawi er ein av desse innlandsstatane, og illustrerer problemet godt. Nyasaland var britisk frå 1891. Men europeiske settlarar som slo seg ned i kolonien for godt over hundre år sidan, klarte ikkje å skape ein blømande økonomi, slik som i nabokoloniane Rhodesia, det som i dag er Zimbabwe og Zambia, eller i Sør-Afrika. Å frakte varer ut frå Nyasaland på innsjøen og elvane viste seg å vere svært tidkrevjande og altfor dyrt til at det kunne bli god business av å dyrke kaffi, te, bomull eller tobakk for eksport. Ein måtte også gjennom portugisisk territorium, og forholdet mellom dei to kolonimaktene var ikkje særleg godt.

Det viste seg også at afrikanske farmarar klarte å dyrke tobakk billigare enn dei europeiske settlarane klarte. Det skapte problem, og settlarane la press på kolonistyret og fekk innført forbod mot at afrikanarane skulle dyrke desse varene.  Kolonistyret tok også frå nyasarane mulighetene til å konkurrere på like fot som handelsmenn. Mykje av den økonomien som lokalbefolkninga hadde teke del i blei slik øydelagt av britane, noko som også sette landet tilbake då det vart uavhengig.

Då eg kom til Malawi første gongen i 1999, var det ikkje så lenge sidan krigane i Mosambik var over, først frigjeringskrigen mot Portugal og sidan den langvarige borgarkrigen. Då hadde det i lang tid ikkje vore muleg å bruke jernbanen gjennom Mosambik før dei siste åra. Det vart rekna ut at fraktkostnadene for eksport og import på den tida var dobbelt så høge som frå andre innlandsstatar som Zambia og Uganda. Så seint som i 2015 gjorde det at prisen på importert kunstgjødning var 25 prosent høgare i Malawi enn i Zambia.

Nyasaland vart altså aldri nokon økonomisk suksess. Resultatet av den sviktande økonomiske veksten var at hundretusen av malawiarar drog til Sør-Afrika, Rhodesia og Tanganyika (nå Tanzania) for å finne arbeid. I 1948 rekna ein med at nærmare 50 prosent av alle menn i arbeidsfør alder var i utlandet.

Ved uavhengigheten i 1964 var Malawi langt den fattigaste av dei tidlegare britiske koloniane i denne delen av Afrika. Kamuzu Banda førte ein næringslivsvennleg økonomiske politikk, med vekt på landbruksvarer for eksport, først og fremst tobakk. Han bestemte også at småbøndene skulle dyrke mais, og dei hadde ikkje lov å dyrke tobakk. Den store eksportartikkelen hadde storbøndene monopol på.

Då dei første frie vala blei gjennomførte i 1994, hadde Malawi ein av dei svakaste økonomiane i Afrika. Etter uavhengigheten har Malawi aldri klart å gjere same økonomiske spranget som nabolanda Zambia og Tanzania. Vi har sett ein slags sikksakkpolitikk der veksten har vore god for eit par år om gangen, for deretter å gå av sporet. Det har skjedd uansett kva politikarar som har leia landet. Så Malawi ligg framleis nedst på den økonomiske statistikken. I nasjonalinntekt per innbyggjar var det berre to land i Afrika, Burundi og Den sentralafrikanske republikken, som låg under Malawi av afrikanske land i 2019.

Den andre langtidsfaktoren som har hemma landets utvikling er folketettheten og befolkningsauken. I store delar av 1800-talet var denne delen av Afrika i kaos. Arabiske og portugisiske slavehandlarar terroriserte området, og Zulukrigarar invaderte delar av det som nå er Malawi. Etter kvart som britane fekk kontroll, begynte folk å strøyme til dei vassrike områda langs Lake Malawi og Shire River. Det resulterte i ein befolkningstetthet i Nyasaland som var mange gonger så høg som i nabokoloniane Rhodesia og Tanganyika. Nå er ikkje ei stor  befolkning nokon ulempe i seg sjølv, så lenge det er nok land til alle. Men etter kvart vart den gjennomsnittlege storleiken på jordstykka til malawiske familiar mindre og mindre etter som jordstykka måtte delast opp til nye generasjonar.

Folketalet har auka kraftig med betre helse og stigande levealder, og framleis er veksten høg. Men han er ikkje spesielt høg i afrikansk samanheng, faktisk er han heilt på linje med gjennomsnittet for afrikanske land, 2,7 prosent i året.

Eg meiner altså at det er desse to faktorane, innlandsfella og befolkningstettleiken, som er dei grunnleggjande hovudforklaringane på at Malawi er fattigare enn andre land i denne delen av Afrika.

Høg skår på sosiale indikatorar

Om ein finn Malawi nedst på den økonomiske statistikken, stemmer ikkje dette bildet med sentrale sosiale indikatorar. Malawi var faktisk eit av ganske få afrikanske land som nådde fleire av dei sentrale utviklingsmåla for 2015, dvs. dei globale utviklingsmåla FNs medlemsstatar arbeidde mot før berekraftsmåla vart utforma i 2015. Malawi var i følgje UNICEF det landet i Afrika som hadde størst framgang i å redusere barnedødeligheten mellom år 2000 og 2018, bortsett frå Rwanda. Med sine 64 år har Malawi den same forventa levealderen som gjennomsnittet av land i det austlege og sørlege Afrika, men klart høgare enn gjennomsnittet for alle afrikanske land sør for Sahara. 69 prosent av malawiarar har tilgang til reint drikkevatn, medan prosenten for Aust-Afrika og Det sørlege Afrika samla er 58. Når det gjeld kor stor del av den vaksne befolkninga som kan lese og skrive, ligg Malawi litt under gjennomsnittet for afrikanske land.

For å oppnå denne framgangen har bistanden spela ei avgjerande rolle. Etter diktaturets fall i 1994 gjekk faktisk bistanden til landet ned. Særleg var bistanden frå USA og Storbritannia høg i slutten i 1980-åra, då Malawi var eit klart vestleg vendt diktatur. Men då jernteppet fall, la dei same maktene press på diktatoren for å demokratisere, slik ein såg i Europa og i store delar av Afrika. Givarane kom tilbake etter regimeskiftet i 1994, men først godt ut på 2000-talet kom ein opp på same nivå som under diktaturet. Malawi vart eit norsk hovudsamarbeidsland etter eit stortingsvedtak i 1995, og ambassaden vart oppretta i 1999.

Men om bistanden vart mindre etter diktaturets fall, kunne den demokratiske opninga gjere det muleg å bruke offentlege midlar meir utviklingsretta enn før. Meir ressursar var nå kanaliserte til helse, utdanning, trygt drikkevatn og sanitæranlegg. Dette skjedde i dialog med givarland og multilaterale organisasjonar, og ut på 2010-talet utgjorde bistanden over 80 prosent av utgiftene til landets helsetenester.

Tala for fattigdom varierer ein del, men ein reknar med at om lag 50 prosent av befolkninga fell under den vanlege standarden på 1,90 dollar per hovud. Blant afrikanske land ligg Malawi klart på den nedste halvdelen. Trass i framgang på sosiale indikatorar, tyder mykje på at fattigdomssituasjonen har blitt verre dei siste åra. Det var i alle fall malawiarane sitt syn på det i 2017, då Afrobarometer laga sin siste rapport om sosiale forhold i Malawi. Afrobarometer er eit afrikansk institutt som jamleg gjer grundige spørjeundersøkingar i 34 afrikanske land om korleis folk oppfattar sin livssituasjon. 88 prosent av befolkninga i Malawi meinte at landet gjekk i feil retning. Og pessimismen var stor, berre 13 prosent trudde at den økonomiske situasjonen ville betre seg det neste året. Så mange som 56 prosent av befolkninga sa at familiane deira hadde gått utan mat ein eller fleire gonger det siste året. Dette er høgare tal enn det brukte å vere.

Malawiarane vart også spurt om kva dei største problema landet sto overfor, var. To tema dominerte svara. 35 prosent svarte det var matmangel, medan 23 prosent meinte det var styringa av økonomien, eit klart uttrykk for mistillit til den då sitjande Mutharika-regjeringa.

Denne undersøkinga gir innblikk i korleis folk i Malawi tenkjer om mange spørsmål. For eksempel nemner knapt nokon etniske spenningar som noko problem, og berre to prosent trekkjer fram tryggingsituasjonen og kriminalitet. Malawiarar flest kjenner seg trygge. Folk i Malawi er også tolerante. 80 – 90 prosent seier dei gjerne vil ha folk med annan religion enn deira eigen som naboar, og dei bryr seg ikkje om naboane høyrer til ei anna etnisk gruppe eller er utlendingar. Men det er eit unntak, homofile. Opp mot 90 prosent ville ikkje likt å ha homofile som naboar. Homofobien er sterk i dei fleste afrikanske land, og særleg i eit land der kyrkjene er så sterke som i Malawi. Elles spelar kyrkjene i stor grad ei positiv rolle når det gjeld demokratiutvikling.

Malawiarane trur på demokratiet. To tredelar av befolkninga er for fleirpartisystem, og 87 prosent er mot militær maktovertaking. Det er ganske interessant, for samtidig er militæret den statlege instansen som har høgast tillit av alle. Kanskje nettopp fordi dei militære nektar å la seg bruke politisk. Nå fall tilliten til at vala var rettferdige kraftig etter det omstridde valet i 2019, då det også vart gjort ei undersøking. Men framleis var det stort fleirtal for fleirpartisystem.

Folk kjenner seg også friare. 76 prosent sa i 2017 at dei kjende seg frie til å slutte seg til dei politiske partia dei ville, og over halvparten sa at dei er friare nå enn før. Men folk har liten tillit til politikarane og til parlamentet. I tillegg til militæret er dei dei tradisjonelle høvdingane som har høgst tillit.

Utsiktene framover

Kva er så utsiktene framover? Hovudproblemet for Malawi er at økonomien er så liten. Malawis statsbudsjett er litt meir enn to prosent av det norske, for ei befolkning på over 18 millionar.

Storparten av befolkninga lever framleis av jordbruk. Eg har peika på jordmangelen og folkeveksten. Og ein kan alt nå sjå at klimaendringane fører med seg meir regn, men mindre føreseieleg regn, meir storm og flaum. Det blir i periodar varmare enn før og tørkeperiodane blir lengre. Dette gjer det vanskelegare å planleggje i landbruket. Klimasmart landbruk, der du finn metodar for å ta betre vare på regnet og gjere dyrkinga meir motstandsdyktig for tørke, er ei løysing. Men det tar lang tid å endre folks tradisjonar og vanar.

Koronapandemien rammer også Malawi, men hittil ser det ut til at landet kjem betre ut av den krisa enn mange andre afrikanske land, og Malawi får også god skår på ein indeks om korleis dei har takla pandemien. Men at økonomien er så liten og så avhengig av tobakkseksport gjer det også vanskeleg å oppretthalde innsatsen for helse og utdanning. Å fortsetje framgangen på desse områda krev kraftig innsats også frå dei multilaterale og bilaterale samarbeidspartnarane. Og det ser ut som samarbeidet med givarane, inkludert IMF (Pengefondet) og Verdsbanken, nå er godt og meir stabilt enn på lenge.

President Lazarus Chakweras regjering har nå hatt makta i snart eitt år. Dei første signala frå den nye regjeringa var nokså blanda. Regjeringa (kabinettet) vart for eksempel sett saman slik at dei delane av landet der regjeringspartiet fekk størst oppslutning blei sterkt overrepresenterte.

Men det er positivt at Chakwera legg så stor vekt på openhet. Han sette ut i livet ei ny offentleglov, og har jamlege pressekonferansar. Kampen mot korrupsjonen ser også ut til å gi resultat. Ei større sak om misbruk av pengar til utstyr mot Covid-19 vart nyleg avslørt. Den aktuelle ministeren måtte gå, og fleire kjende personar blei arresterte. Det er ikkje uvanleg at ei ny regjering skjerpar kampen mot korrupsjon, for så seinare å godta meir og meir av det same frå sine eigne folk. Men denne gongen er, trur eg, også forventinga og kravet frå veljarane og sivilsamfunnet sterkare enn før.

Og midt i denne politiske optimismen har høgsterett gjor eit nytt banebrytande vedtak. Den har bestemt at dødsstraff er i strid med landets grunnlov.

Som avslutning vil eg peike på at som dei fleste afrikanske land balanserer Malawi mellom uformell klientalisme og formelle institusjonar. Men etter mi meining har landet bevega seg i retning av ein politikk for voice, i den forstand at folk har reell innverknad på kva veg landet går gjennom val, og accountability, som betyr at ledarane må stå til ansvar for sine handlingar og vedtak overfor veljarane. Det er ein prosess som tar tid, som har mange svingar og motbakkar, og som lett kan gå av sporet. Men sakte, over the longue durée, «den lange varigheten», for å bruke eit omgrep frå den kamerunske filosofen Achille Mbembe sin analyse av Afrika, vil ting bli betre.

Eg vil ikkje tore ennå å seie at Malawis demokrati har blitt sterkt nok til å vere the only game in town , som ein statsvitar har uttrykt det. Men at Malawi for tida er eit demokratisk lyspunkt i Afrika trur eg at eg kan stå inne for. 


Leave a comment