Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn
Av Asbjørn Eidhammer, medlem av SV
Verda er ikkje den same. Europa er ikkje det same.
Det har vore på gang lenge, men krigen i Ukraina har gjort det klokkeklart. Den demokratiske gevinsten etter 1989 er i ferd med å bli borte i store delar av verda. Kina med sitt tusenårsperspektiv tar eitt steg om gongen i å byggje opp sin maktposisjon og kneble annleis tenkjande, i og utanfor Kina. Dei har til rådvelde ein digital teknologi som Storebror i George Orwells «1984» berre kunne drøyme om.
Det middels store Russland har atomvåpen i bakhanda når det invaderer Ukraina i sin ambisjon om å byggje opp att det russiske imperiet. Ingen veit kva retning USA vil gå i. Det kan trekkje seg tilbake det eine året for å erklære at «America is back» det neste.
Krigen i Ukraina står mellom Russland og Ukraina, men konflikten er mellom denne eine røvarstaten og det demokratiske Europa. Vi kan berre gisse på korleis krigen vil utvikle seg. Det mest sannsynlege er at konflikten blir langvarig. Eit skadeskote Russland i økonomisk krise med ein einerådande Putin vil ikkje gi seg, og for ukrainarane må det synast umuleg å underleggje seg Russland etter det som er skjedd.
I denne farlege situasjonen står Europa meir samla enn nokon gong i historia. Det ville ikkje skjedd utan EU.
Eg sto på barrikadane i kampen mot norsk medlemskap i EF. Det var rett i 1972. Norge var eit lite land i utkanten av Europa med vår særeigne geografi og egalitære sosiale struktur. Dei fire frihetene EU byggjer på, ville ha verka dramatisk inn på samfunnet vårt. Vi som på den tida var på den demokratiske venstresida, trudde også at vi kunne gå i ei anna retning, mot ein demokratisk sosialisme og ein tredje veg.
Norge er framleis eit lite land.
Men som folk er vi blitt blant dei absolutt rikaste i verda, og vi er ei stormakt på olje og gass. Vi har hatt ei utvikling, særleg det siste tiåret, mot større forskjellar, drive av privatisering og større makt til marknadskreftene. Det skuldast langt på veg ein politikk som er ført opent og bevisst av sitjande regjeringar, uavhengig av vår tilknyting til EU og EØS.
Slik er det i dag lite som skil oss frå andre nordeuropeiske land innanfor EU, bortsett frå at vi har olja.
EU har utvikla seg i retning av meir felles politikk og meir forpliktande samarbeid på så og seie alle område. EU-parlamentet har fått ei meir sentral rolle. Slik er EU blitt meir demokratisk, sjølv om mykje verkar byråkratisk og ugjennomtrengeleg.
Det forundrar meg stadig meir at så mange av dei etablerte politikarane i venstrepartia (eg gjer unntak for venstresida i Ap) synest å sjå EU og EØS berre gjennom direktiv som vi er imot. Men for kvart direktiv vi ikkje likar, finst det så mange andre der EU går føre oss, som når det gjeld klima og miljø.
Sjølv trur eg at eit Norge utanfor EØS ville ha blitt eit hardare samfunn. Finn Gustavsen sa ein gong at vi vann folkerøystinga i 1972, men vi tapte kvar dag sidan. Utanfor EØS trur eg vi ville ha fått eit Norge med hardare konkurranse, med meir nasjonalisme, og det ville blitt meir innovervendt. I ein slik situasjon ville høgrekreftene sjå nye muligheter.
Sjølvråderetten har alltid stått sterkt på norsk venstreside.
Men eg er redd for den måten nasjonal sjølvråderett blir fremja på. Den gir inntrykk av at vi er oss sjølve nok. Ta energisituasjonen: Klima er eit spørsmål om framtida for oss alle. Norge har betre føresetningar for å produsere rein energi enn dei aller fleste land. Vi må kunne kontrollere straumprisane. Men det vil vere toppen av egoisme dersom ikkje vi, som er rikare enn nesten alle andre, ikkje skal sjå det som ei hovudoppgåve å produsere rein energi for Europa.
Og kva er det med norsk sjølvråderett som i dag er så forskjellig frå den sjølvråderetten land som Finland, Nederland, Portugal eller Nord-Makedonia sjølvsagt krev?
I dei tilfella der sjølvråderetten er blitt eit spørsmål i EU, er det dei høgreautoritære ledarane i Polen og Ungarn og populistar som franske Marine le Pen og italienske Matteo Salvini som har løfta han fram.
Dei ser EU meir og meir som ein reiskap for radikale krefter som vil gjennomføre ein kulturell og religiøs transformasjon og til slutt eit nasjonslaust Europa. Samtidig står venstresida i Europa nesten samrøystes i sitt engasjement for og i EU.
For Ukraina er nasjonal sjølvråderett ei eksistensiell sak. For det trygge Norge bør det vere sjølvsagt at vi går inn i forpliktande samarbeid med andre, slik Ukraina vil gjere om landet får velje sjølv. Kall det gjerne overnasjonalt.
Den omfattande demokratibølgja over store delar av verda frå 1990-åra er ikkje berre på retur. V-Dem-instituttet i Gøteborg, som analyserer den historiske utviklinga av demokratiet, seier i sin rapport for 2022 at demokratiet for gjennomsnittsborgaren i verda nå er tilbake på nivået for 1989.
Vi må slå ring om dei demokratiske tradisjonane.
Vi må kjempe mot dei kreftene som vil innskrenke kvinners rettar og retten til abort, som går til kamp mot skeive, som egger til etnisk strid og forfølging av minoritetar, og som vil svekkje ytringsfridommen. Venstresida i Europa må byggje på våre tradisjonar og samle oss om ein politikk for fridom og likskap som også viser solidaritet med dei som kjempar for demokrati og mot utbytting i andre delar av verda.
Europa er i dag den verdsdelen der demokrati og ytringsfridom står sterkast. Eg er veldig klar over kva europeiske kolonimakter har stått for av undertrykking og død, både før og etter at koloniane vart uavhengige. Eg meiner vi har ei skuld å betale. Men i dag skal vi vere glade for eit Europa som kan vere ein aktiv partnar og støtte for dei som kjempar for rettane sine også i Asia, Afrika og Amerika.
Det går føre seg ein sydande debatt blant venstreorienterte om Europas og EUs framtid. Den diskusjonen bør både SV og andre vere med på. Då kan vi bidra i ein større samanheng til å styrke demokratiet, redusere klimautslepp og sikre velferd for alle.
For dei mørke skyene er ikkje lenger i horisonten. Dei har komme oss nærmare med røyken frå bomba skular og barnesjukehus i Ukraina. Den kan vere teiknet på ei ny tid i Europa, der åra mellom den kalde krigen og pandemien vil sjå idylliske ut, som historikaren Mary Elise Sarotte ved Johns Hopkins-universitetet har formulert det til New York Times.