Tre forslag for Afrika

For framtidig utviklingspolitikk er det Afrika som er utfordringa, for ikkje å seie problemet. Befolkningsprognosar, fattigdomsprognosar og matvaresituasjon gir ikkje rom for tvil om det. Utviklinga i Afrika vil påverke global tryggingspolitikk, migrasjonspolitikk og klimapolitikk, og kontinentet vil bli gjenstand for rivalisering i politikk og handel mellom Vesten og Asia. Behov for vekst Afrika treng … Continue reading Tre forslag for Afrika

Den schizofrene staten. Politikk, stat og utvikling i Afrika

Presentasjon i Utviklingsforum i UD 15.1.2018 (redigert) Mykje av vårt utviklingssamarbeid går ut på å styrke staten. Samtidig er det vel der – i kapasitetsutvikling – vi har lykkast minst. Afrikanske land har som regel – med nokre unntak – ein svak stat i betydninga evne til å skape tryggleik og velferd for innbyggjarane. Dette … Continue reading Den schizofrene staten. Politikk, stat og utvikling i Afrika

Mytar om Sør-Afrika for fall

Bokmelding - tidlegare publisert i Dagsavisen 24. juni 2016 Tore Linné Eriksen: Sør-Afrikas historie. Førkoloniale samfunn, apartheid og frigjøring, Portal Forlag Var det britisk kolonialisme, heller enn boar-ideologien, som var grunnlaget for apartheid? Var ikkje Zulukongen Shaka den innovative hærføraren vi er blitt fortalt om? Sør-Afrika har ein spesiell plass i norsk politisk engasjement. Det … Continue reading Mytar om Sør-Afrika for fall

Bistanden blir ikkje overflødig

Publisert i Bistandsaktuelt 8. november 2017. Å gjere bistanden overflødig er eit fromt mål som har vore eit grunnleggjande premiss for norsk utviklingspolitikk. Men sanninga er at det er eit heilt urealistisk mål, iallfall i dette hundreåret. Målet om å gjere bistanden overflødig blir gjentatt av stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde i eit innlegg i Bistandsaktuelt. … Continue reading Bistanden blir ikkje overflødig